fredag 1. mai 2009

Under Milk Wood

Heilt frå eg var riktig ung, har eg vore opptatt av Dylan Thomas. Eg hugsar ikkje korleis det starta; truleg var eg nyfiken på han fordi eg var begeistra for Bob Dylan, og så blei eg tatt av skrivinga hans, både dikta, kåseria og resten av prosaen. Eg hugsar eg kjøpte "Portrett av kunstneren som hvalp" på sal hos Hogstads bokhandel i Brumunddal mens eg gikk på gymnaset. Ei triveleg samling forteljingar, omsett av Harald Sverdrup. Og den norske versjonen Inger Hagerup hadde laga av Under Milk Wood blei sendt på radioen, og Bokklubben kom med ei utsøkt samling norske omsetjingar av noen av dei mest sentrale dikta hans, med eit eple som hang inne i ei flaske på forsida. Fine dikt, der ein først blir gripen av musikken i språket, før ein etter kvart trenger inn i setningane, det desperate overskotet, utfordringa av døden, livsmotet - det er mange ord ein kan velja.

Etter det har eg vore i Swansea og gått i Cwmdonkinparken - rett nok berre ein gong. Og i Laugharne for å besøkje båthuset der han satt og skreiv, og der Richard Burton gikk i gatene da "Under Milk Wood" blei filma. Båthuset var stengt, men gatene låg der. Eg har vel vore opptatt av myta om Dylan Thomas óg, om han som skreiv kjenslevart, levde hardt og døde ung.

Vil eg lytte til ord som hørest ut som musikk, set eg på BBC-utgåva av dette høyrespelet. Det er akkurat passe til ein køyretur mellom Vestfold og Romerike. Dikt på CD blir fort for mye av det gode, og ordinære lydbøker har eg ikkje tålmod til. Men "Under Milk Wood" er akkurat passe.

Eg har alltid hatt for mye å tape til å leve hardt, og eg er for gammal til å dø ung, men sansen for Dylan Thomas kjem eg aldri til å miste.

1 kommentar:

  1. Kjekt at du svarte på det spørsmålet jeg bare hadde stilt i hodet og ikke i skrift. Og nå ble jeg nysgjerrig på Dylan Thomas.

    SvarSlett