mandag 8. juni 2009

Tryggleik

Ei jente blir skadd og forsøkt valdtatt i luksusvillaen til ein løyndomsfull riking. Far hennes er den einaste mislukka mannen i den vesle byen; han prøver å halde stand mot folkesnakk og alkoholmisbruk. Den morlause dottera har godt vett og høge ambisjonar, og ingenting skulle eigentleg hindre ho frå å få god utdanning og eit godt liv. Hadde ho ikkje bare hamna på feil stad til feil tid.

"Security" heiter romanen, og forfattar er Stephen Amidon. Han har sju bøker bak seg, ingen av dei omsett til norsk. Tittelen å gjøra med vaktselskapet til han som liknar mest på ein hovudperson i dette som først og fremst er ein kollektivroman, men skal nok også seia noe om forholdet mellom folk på denne vesle, lett gjennomsiktige staden.

Det er småbyliv etter kollapsen av den amerikanske draumen det handlar om. Ikkje eit veldig originalt tema i moderne amerikansk prosa, men sjølsagt noe mange kjenner på kroppen og må handtere på ein eller annan måte. Amidon har mye å fortelja om maktforhold i samfunn og akademia. Det er kulturkritikk, ikkje politikk, men vegen til det politiske er ikkje lang. Ingen stor roman - til det er han ikkje godt nok disponert, og han loddar kanskje helller ikkje djupt nok, (viss ein roman må vera djuptloddande for å vera stor). Men klarer ein seg gjennom den første halvdelen av boka, og det syntes eg eg måtte, ettersom eg hadde kjøpt ho, blir det dramatisk og spennande, så har ein ikkje andre val enn "Security" og ein gjennomsnittleg krim, vil eg nok velja denne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar