torsdag 11. juni 2009

To franskmenn

Camus er det ikkje så mange som les for tida. Han blir iallfall ikkje nemnt så ofte. Da eg var i slutten av tenåra, las eg Camus, ettersom han var ein av dei ein måtte ha vore gjennom viss ein ville kalle seg intellektuell rundt 1970.

Eg las tre tynne bøker - "Den fremmede", "Fallet" og "Pesten". Den fjerde - "Myten om Sisyfos, måtte eg gi opp. Rundt førti år seinare hugsar eg ramma rundt handlinga i "Pesten", men resten har eg glømt. Eller: hadde glømt, for eg fann fram att "Fallet" for å lesa opp att romanen ei roleg kveldsstund på hytta. For det er muleg å få det til i løpet av ein kveld og samtidig ha høve til å tenkje litt på det som står der. 120 små sider, utgitt i Aschehougs Fontenebøker og kjøpt for kr. 6, 50. Romanen kom ut i 1956 i Frankrike og blei omsett til norsk året etter.

Forteljinga er lagt i munnen til ein fransk advokat som oppheld seg i Amsterdam, og han vender seg heile tida til ein person som truleg er lesaren. Denne framgangsrike juristen fortel om livet sitt og om korleis ei plutseleg oppleving får han til å endre oppfatning av seg sjøl. Han svik ein person i naud og går frå å vera sjølnøgd og sjølnytande til å forstå at han faktisk både er falsk og umoralsk. Og innsikt i ein sjøl, fører til innsikt i menneskenaturen. På denne måten kan ein ikkje seia at ”Fallet” blir eit spesielt optimistisk verk.

Eg har ikkje gått djupt inn i denne romanen, og det er heilt sikkert muleg å gjøra han til gjenstand for omfattande analyse. Det er heilt openbart viktige moralske problemstillingar her, som har å gjøra med forholdet mellom egoisme og altruisme, og som seier noe om korleis ein skal handle i når ein lever i samfunn med andre. Og likevel blir eg ikkje engasjert. Det blir rett og slett litt keisamt, og det trur eg heng saman med at romanen har eit lag med mugg på seg. Perspektivet er heile tida perspektivet til den privilegerte, europeiske mannen, samtidig som problemstillingane er meint å vera allmennmenneskelege. Kvinner og arbeidsfolk blir omtalt som mindre interessante, i nærleiken av å vera gjenstandar. Boka er interessant når ein les ho i eit klasseperspektiv, men kanskje meir som historisk dokument enn som levande litteratur.

Det er også interessant å merke seg at Camus fekk Nobelprisen året etter at denne romanen kom ut. Det er freistande å nemne at Sandemose kom med den omarbeidde utgåva av ”En flyktning krysser sitt spor” i 1955, mens Vesaas hadde ein lang forfattarskap bak seg, og Svenska Akademin var heilt sikkert godt kjent med ”Vindane” som blei kåra til den beste boka som kom ut i Europa i 1952.

Prosaen til Camus og dikta til Blaise Cendrars ein generasjon tidlegare, er eigentleg ikkje samanliknbare. Begge skreiv på fransk, og slumpen gjorde at eg tok dei ut av hylla same kvelden. Ut over dette, har dei nok ikkje hatt mye med einannan å gjøre. Skjønt: Kva veit eg?

”Prosa om Den transsibirske jernbanen og andre dikt” kom på norsk i 1994, omsett av Tom Lotherington. Dette er ikkje tekstar som oppmodar ein til å gå i djupet – det er rapsodiar; ein skal lesa dei eller høyre dei bli lese opp, og flyte med. Og det er kanskje derfor dei framleis er så friske og underhaldande å lesa.

Som Camus har Cendrars eit maskulint og europeisk utgangspunkt for skrivinga si, og her og der kan det sjå ut som om tida har gått frå han òg. Men det er berre unntaksvis – i det store og heile er dikta godt leselege. Han er mest heile tida på reise, og dikta gir att inntrykk frå ulike stader i verda, men like ofte interiør som eksteriør. Eg har mest glede av dei lange dikta, og skulle ønskje Lotherington eller andre kunne gjøra heile det lange ”Påske i New York” tilgjengeleg på norsk – berre eit utdrag er tatt med i denne samlinga.

Ettersom eg er for lat til å sitere lange dikt, sluttar eg med Cendrars i stutt format:

SØNDAG
Det er søndag til sjøs.
Det er varmt.
Jeg er i lugaren stengt inne som i smeltet smør

LETT OG SUBTILT
Luften er full av ange
Moskus ambra sitronblomst
Bare det å være til er en skikkelig lykke

3 kommentarer:

  1. Jeg leser fremdeles Camus med stor fornøyelse. Noen av de mest fundamentale problemstillingene han tar opp, syntes jeg at har verdi også i dag. Så på mine er det ikke mugg, enda.
    Jeg syntes også det er interessant å lese fra et kjønnsperspektiv. Jeg har en liten liste over såkalte klassikere, skrevet av menn, og felles for disse er at kjønnsperspektivet (heldigvis) er helt utdatert. Det tar jeg som en bekreftelse på at vi har kommet et godt stykke videre.

    SvarSlett
  2. Einig i at problemstillingane har verdi. Det er innpakninga eg synes verkar utdatert. Det gjeld berre denne boka. Eg skal ta ein titt på Pesten med det første, så kan vi komma tilbake til saka.

    SvarSlett
  3. Har aldri lest Camus, derfor var det fint å lese dette. Takk!

    SvarSlett