mandag 20. juli 2009

Krim

Eg er ikkje så veldig opptatt av krim, og eg er overtydd om at sjangeren blir omfatta med ein interesse som langt overgår den litterære verdien. Noen gonger ser det dessutan ut til at krim kan vera ein utveg for dårlege forfattarar. Det er ikkje få som får skryt og lesarar fordi dei er gode til å finna på og utvikle plot, men som ikkje kan stort anna. Forme setningar og skildre personar, for eksempel.

Samtidig les eg gjerne krim, fordi det er moro å la seg jaga fram mot ei oppklaring som ikkje skal vera for gjennomsiktig, men heller ikkje for ulogisk. Men det er ein føresetnad at språket er godt og at personteikning og miljøskildring held mål. Kort sagt: Romanen skal fungere som roman. Viss ikkje, har eg ei kjensle av at eg kastar bort tida når eg les; at eg har vald bort dei gode bøkene til fordel for noe dårleg.

Eg var innom biblioteket og plukka med meg tre krimromanar av nokså ny dato, til å lesa i solveggen. To av garva krimforfattarar eg har stor respekt for, og ei av ein som eg har lese mange romanar av, men som eg ikkje frå før kjenner som krimforfattar. Den sist nemnde er Knut Faldbakken. Eg har alltid likt den personlege framtoninga hans betre enn dei litterære verka, men eg har lese han trufast, truleg fordi han er hedmarking. Det var litt pirrande at "Tyven" i stor grad foregår på Hamar og Hedemarken. Sjøl er eg brumunddøl, og eg har alltid sett det som ein ekstra bonus, når eg har kunna kjenne meg att i landskapet og gatene der dramatikken går føre seg. Faldbakken gjør eit lurt grep i denne boka, når han introduserer ein gjenstand som er så avgjørande at skurkane går over lik for å få tak i han, men utan at forfattaren fortel kva det er. Slik blir det skapt eit originalt spenningsmoment. Men eg fann ut at eg måtte leva vidare utan å få svaret, for eg orka ikkje den stressa prosaen og dei lite truverdige karakterane.

Da er det betre å lesa Jørgen Gunnerud. "Djevelen er en løgner" - i og for seg ingen kontroversiell påstand for den som har vore litt borti bibelen. Gunnerud har sin eigen stil. Rein og ordknapp - nesten tørr. Han pøser ikkje på med blomstrande karakteristikkar og groteske detaljar; i blant er det nesten som å lese rapportar, der lesaren må bidra med fargelegginga. Denne gongen er handlinga lagt til eit lite samfunn på Finnmarkskysten. Det er ikkje den beste romanen eg har lese av denne forfattaren. Han blir kanskje litt for knapp, i tillegg til at eg ikkje heilt trur på løysinga av gåta, kanskje fordi han ikkje gjør nok for at det skal bli truverdig. Eg kunne også tenkt meg ein tydelegare hovudperson. Når vi først får ein læstadianar blant norske krimheltar, hadde det vore interessant å komma litt tettare inn på han. Eg lurer på om Gunnerud har hatt det litt for travelt med å skrive bok denne gongen. Han går rett og slett litt på tomgang.

Det synes eg Kjell Ola Dahl også gjør, i "Den fjerde raneren". Dahl skriv politiromanaren i den hardkokte sjangeren, med godt grep om både handling og personar. Denne gongen blir det for gjennomskodeleg, i tillegg til at han blir for intim med hovudpersonen Frank Frølich. Han hadde stått seg på å ta eit steg tilbake og styre personane meir kontrollert, slik han vanlegvis gjør, men konsekvensen hadde kanskje blitt at plotet hadde blitt umulig å gjennomføre. Dahl har skrive krimromanar også etter denne; eg har ikkje lese dei, men håper at han er tilbake i gammel form.

Dei få som les det eg skriv på denne sida, har sikkert sett at eg ikkje hadde så stor tru på krimkomiteen til Dagbladet, at dei ville finna plass for Dahl og Gunnerud på lista si. Men det har dei klart, og eg er lei for at eg undervurderte dei så grovt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar