tirsdag 25. august 2009

Bavian? Menneskeliv!

"Den blege sol sto lavt på himlen, og himlen var hvid. Mit hjerte sang. Dit avskyelige kys havde udsat døden. Og din hånd havde vinket mig tilbage til livet. Sådan var det, jeg var ikke i tvivl. Ventetiden var forbi. Langsomt, langsomt. Steg jeg op på samme måde som en skildpadde bevæger sig mod vannoverfladen."

Slik endar novella "Store træers grønne mørke" av Naja Marie Aidt. Boka har tittelen "Bavian". Det er ikkje rart at denne forfattaren har hausta prisar både i Danmark og i Norden. Det er ikkje eit ord for mye i novellene hennes, men det blir heller ikkje for knapt. Forteljingane dampar av liv, viss eg kan bruke ein slik klisje. Det er aldri godt å vita kva som skal skje i neste setning. Når alt ser svart ut, kan det dukke opp eit håp. Men det må ikkje vera slik. Og det kan ha ordna seg for noen av karakterane, men så går det skeis att. Som i det verkelege livet.

Eg tenkjer på Kjell Askildsen når eg les denne boka. Betre kan eg ikkje rose ein novellist. Det er ikkje persongalleriet til Askildsen, men ei tilnærming som liknar.

Kva meir kan eg seia? Les!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar