torsdag 3. september 2009

"God dårleg bok"

For mange år sia las eg ein artikkel med overskrifta "Good bad books". Den handla om Hardygutane. Forfattaren kunne fortelja at den første Hardyserien hadde til målsetjing å oppdra lesarane i tillegg til underhaldninga. Derfor kunne Frank og Joe ta ein tur innom biblioteket for å låne "Huckleberry Finn" og kanskje stimulere lesarane til å gjøra det same.

Når eg no las opp att ei av bøkene til Sjöwall og Wahlöö, kom eg på denne artikkelen. Nå er ikkje bøkene om Martin Beck og kollegene hans dårlege på noen som helst måte, men samfunnssynet deira slår tydeleg gjennom på ein måte som godt kan fungere som god påverknad på lesarane. F. eks. når dei bringer ein ung arbeidar inn i handlinga og syner han fram som ein tenkande person med god moral, i motsetnad til griske rikingar.

Eg kjøpte heile serien og forærte han til den krimlesande dotter mi. Ho sluker bøkene og seier at det ikkje er til å tru at dei er førti år gamle. Og dei held seg godt, for det første fordi førti år slett ikkje er så lang tid, og for det andre fordi dette forfattarparet jo skapte ein undersjanger innafor krimlitteraturen som svært mange av dagens forfattarar skriv innafor.

Eg valde "Det lukkede rom" fordi dette var den forteljinga eg hugsa minst av, m.a. fordi han ikkje er filma med Gösta Ekman. Det var eit triveleg gjensyn. Karakterteikninga er slik eg hugsar, og i tillegg held plottet. Til og med det gåtefulle ved at ein finn eit lik i eit rom som er låst og lukka på innsida, blir forklart på logisk vis.

2 kommentarer:

  1. Hadde hele serien i sin tid. Husker det var mye samfunnskritikk i de krimbøkene. S & W var såvisst ikke bare ute etter å gi leseren harmløs underholdning. Bra krim, men jeg føler ikke behov for å lese dem omigjen.

    SvarSlett
  2. En bokelsker går aldri til sengs alene heter det i et kjent sitat. Jeg håper at du har lyst til å bli bokelskere og besøke et nytt norsk nettsted som heter nettopp bokelskere.no
    Nettstedet er i slutten av testfasen, og innspill fra lidenskaplige lesere som deg er kjærkomne.
    Dersom du er nysgjerrig og har lyst til å bli med, kan du sende en e-post til hilde.nesse@gmail.com så skal jeg sende deg en link som gir dere adgang!

    Inspirert hilsen fra
    Hilde B. Nesse

    SvarSlett