onsdag 2. mars 2011

Verda utanfor heimen - meldt i Klassekampen jan. 2011

Tenk deg ei lita jente av ”god familie” som blir liggjande på sjukehus når det nærmar seg jul. Tida er rundt 1930, eit halvt hundreår før det var vanleg å legga inn foreldre saman med små pasientar. Ho får 25 marsipangrisar til trøyst og endar med å gi bort kvar einaste ein av medkjensle med dei som er dårlegare stilt.

Ho blir frisk, ho veks opp, og i 2005 debuterer Mia Berner som norsk forfattar, 82 år gammal. Da har ho nett komme tilbake til heimlandet etter ein kvinnealder i Sverige, der ho blant anna har virka som sosiolog og filosof. Likevel er ho kanskje best kjent som ektefelle og medarbeidar for poeten Pentti Saarikoski, ikkje minst på grunn av den vedunderlege minneboka ho skreiv om han og samlivet deira etter han gikk bort i 1983.

Etter denne boka skreiv ho tre romanar med utgangspunkt i barndom og oppvekst i storborgarskapet i Stavanger. At desse fire bøkene ennå ikkje er utgitt på norsk, er eit stort mysterium. Berner døde i 2009, og årets bok , ”Tretten”, er den andre boka som kjem posthumt. Diktsamlinga ”Et leskur for vinden” kom i 2009.

Tematikken i ”Tretten” er den same som i trilogien som kom på svensk for vel 20 år sia: Eigen barndom og oppvekst. Fleire av tekstane er heilt eller delvis å finna i dei to første romanane; det er så ein kan lure på om boka er gitt ut som plaster på såret for at desse bøkene ikkje er blitt del av den norske litteraturen. For det er ein fryd å lesa Mia Berner. Prosaen hennes er klar og ukomplisert, men likevel så nyansert at lesaren har ståande invitasjon til å dele inntrykk og kjensler med forfattaren.

Ho går rett på sak. Alt i den første teksten, som er på fire små sider, forstår vi at det handlar om ei nyfiken og tenksam lita jente som veks opp hos ein varm far og ei avvisande mor. Snart blir vi også introdusert for tenestejentene i rikmannsheimen, for besteforeldre, og for ulike leikekameratar som alle er dårlegare stilt enn Mia, men attraktive fordi dei hjelper henne å opne dørar til den spennande verda utanfor den skjerma heimen.

Boka er sett saman av anekdotiske forteljingar om livet hennes frå ho er om lag seks år til ho er om lag seksten. Ho heiter ”Tretten” fordi det skjer noe viktig på trettenårsdagen hennes, men det har nok også noe å gjøra med den stadige ”tretten” mellom henne og mora. Kampen mellom den vaksne kvinna og den vesle jenta er det mest sentrale temaet i tekstane, men det er ikkje så dominerande at det ikkje er rom for både komikk og ytre dramatikk i boka. Det er ei lita bok, og den som har lita tid, kjem seg lett gjennom ho på eit par timar.

Men har ein lita tid, bør ein heller finna på noe anna. For ”Tretten” er prosa som har vore lagra i lang tid, og den skal nytas langsamt. Helst hadde eg ønskt at boka er ein forsmak på den sjølvbiografiske prosaen til Mia Berner, og at Juritzen eller andre forleggjarar tar ansvar for å gjøra den svenske forfattarskapen hennes tilgjengeleg for norske lesarar, omsett eller i svensk språkdrakt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar