onsdag 2. mars 2011

Vêrhardt - meldt i Klassekampen februar 2011

Når ein står framfor ein roman som har fått tittelen ”Brottsjøer” , er det lett å tenkje seg at det dreier seg om eit symboltungt verk, kanskje til og med av det melodramatiske slaget. Og det stemmer, iallfall delvis, for romanen av Claudie Gallay, nyss omsett til norsk av Kjell Olaf Jensen.

Handlinga utspeler seg i ein liten landsby heilt ute ved Atlanterhavskysten i Nord-Frankrike, ikkje langt frå heimen og gravplassen til skalden Jacques Prévert. Hovudpersonen er ei namnlaus kvinne i førtiårsalderen. Ho er der på ornitologisk feltarbeid samtidig som ho prøver å handtere sorga over kjærasten som nett døde frå ho.

På denne vesle staden er det akkurat så vêrhardt som ein kunne rekne med. Tilhøvet mellom innbyggjarane er prega av sterke kjensler – kjærleik og hat i rikt monn, og det er noen løyndommar der som bind dei saman; løyndommar som denne utanforståande kvinna får innsyn i.

Like etter at ho er komen, kjem det ein ukjent mann til landsbyen, og det viser seg at denne mannen har stor interesse av å finna ut av dei lokale gåtene. Lesarane forstår fort at denne mannen dessutan vil komma til å hjelpe hovudpersonen over sorga over kjærasten.

Karakterane nærmar seg klisjear, og intrigen liknar på noe ein har hørt om før. Når denne romanen likevel fungerer, er det fordi språket fungerer, og fordi forfattaren kan kunsten å stoppe før ho går over streken. Stilen er knapp og setningane stort sett stutte. Lange og gode replikkvekslingar får fram den beiske, men ikkje alltid kalde, tona mellom personane. Språket held rett og slett melodramaet i sjakk og let lesaren følgje handlinga med interesse gjennom heile romanen. Gallay kombinerer det føreseielege med ein viss originalitet, og det er kanskje det som er oppskrifta på ein litterær bestseljar.

Spenninga rundt avdekkinga av gåtene som pregar staden, gir forteljinga driv og nerve. Lesarar som er glade i spenning, og som er lei dagens overlessa kriminalromanar, vil ha noe å gle seg over her. Men dei som er ute etter nyskapande litteratur, vil vera best tent med å finna noe anna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar