søndag 27. mars 2011

Willy Kyrklunds Solange

Willy Kyrklund er ein diktar som ikkje har fått så mye merksemd i Noreg. Han blei født i Helsingfors i 1921, men han reknas som svensk forfattar, ettersom han budde i Sverige i heile sitt vaksne liv. Romanen Solange frå 1951 kom ut her til lands i omsetjing av Jan Erik Vold i 1996, og trass i at omsetjinga er langt frå så god som ein kunne venta frå den kanten, er boka absolutt verdt å lesa.

Kyrklund er ikkje ein du les for å slappe av; til det krev han altfor mye av lesaren. Han opptrer ikkje som tradisjonell forteljar – det er meir som om han slepper ulike karakterar eller stemmer laus i tekstane sine og let dei ytre seg og kommentere mot einannan, og den som les kan måtte leite etter trådane, eller gi opp og ta det som det er.

Solange er ein av dei enklast strukturerte tekstane til Kyrklund. Den handlar om livet til ei kvinne, frå ho blir født og til ho kanskje dør, og samlivet hennar med Hugo. I ”Mästaren Ma”, som skal komma på norsk denne våren, heiter det: ”Jag intresserar mig icke för människorna. Jag intresserar mig för människans villkor.” Dette kan vera ein nøkkel til lesinga av denne boka òg, men ein nøkkel ein må røske i låsen med. Samtidig må eg påpeike at Solange ikkje er ein kald tekst; hjertet til lesaren får også sitt.

I tilfelle det skulle vekke interessa for romanen, seier Kyrklund som innleiing til den andre delen av boka, i bokmålsomsetjinga til Vold: ”Denne fortellingen handler om Solange og Hugo og hva som senere ikke hendte. Den skal ikkje handle om det som hendte, hvilket er likegyldig; den skal bare handle om det som ikke hendte og om den kamp som utspilte seg i det som ikke hendte.”

Dette skulle seia litt om kva ein kan vente mellom permane i denne vesle boka. Sjølv har eg vore opptatt av Kyrklund dei siste femten åra. Han gir noe anna enn dei fleste forfattarane eg plar lesa; lesinga er dels trim for hjernen; dels jakt på og glede over friske og overraskande formuleringar. Eg ventar spent på omsetjinga av ”Mästaren Ma” og ”Polyfem forvandlad”, og spenninga knyter seg først og fremst til det som skjer rundt ei boklansering: Om det blir oppsving i interessa for denne stimulerande diktaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar