fredag 15. april 2011

Lesa andres brev.

Det er noe ved brevforma som tiltalar meg, og noe av det beste eg les, er litterære brev. Kanskje fordi forfattarane uttrykkjer seg friare; dei treng ikkje tenkje så mye på forma, ettersom tekstane i utgangspunktet ikkje er tenkt for offentleggjering.

I ein fin, svensk bokblogg som heiter "Butter tar ordet" blei eg gjort kjent med korrespondansen mellom svenske Tomas Tranströmer og den norskætta amerikanaren Robert Bly. "Air Mail" heiter boka, som inneheld brev skrivne mellom 1964 og 1990. Interessante, velformulerte brev med diskusjonar om litteratur og samfunnsspørsmål. Og ikkje minst drøftingar om formuleringar, ettersom dei omsette einannan til morsmåla sine.

Eg har ikkje lese ut boka ennå, men kunne ikkje vente med å seia noe om ho, i tilfelle noen skulle stikke innom bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar