fredag 15. april 2011

Tomas Tranströmer 80 år

Det er ikkje mange jubileumsfeiringar på denne bloggen, men i dag må det til. Den svenske poeten Tomas Tranströmer fyller 80 år. Tranströmer med den klåre stemma og dei melodiøse dikta er i verdseliten blant poetar. Eg set ingen høgare enn han, og i årevis har eg venta på jubelen over at han får nobelprisen. Hittil har det ikkje hendt, og ettersom han er redusert etter ein hjerneblødning, skal det vel noe til om det kjem fleire bøker frå han - sjølv om det har komme fleire bøker frå handa hans etter han blei sjuk.

Tranströmer har skrive ti diktsamlingar og noe prosa. Jan Erik Vold har omsett han til norsk og skrive opplysande og inspirerte artiklar om han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar