lørdag 14. mai 2011

Roman for munnspel og gitar - Klassekampen 7/5-11

Eg veit ikkje stort om Brighton, men eg har eit overflatisk inntrykk av at folk som dreg til denne byen på sørkysten av England, først og fremst dreg for å slappe av og la seg bli skjemt bort. Dette gir byen eit visst preg av luksus og kanskje også dekadanse; ein stad der underdogen verkeleg kan få kjenne på korleis det er å vera underdog. Slik sett er det ikkje dumt av Øystein Wingaard Wolf å legga handlinga i den nye romanen sin til Brighton, for på denne måten får forfattaren fått kontrasten effektivt på plass.

Dagen før handlinga i ”Brighton blues” tek til, fyller hovudpersonen Daniel 18 år. I 67 stutte kapittel, kronologisk ordna over 130 sider, følgjer vi han gjennom sommaren.

Daniel har to lidenskapar – den vakre Sophia og bluesmusikken. Han har ei mor som er like overspent og krevjande som mor til Ask Burlefot, mens far hans for lengst har reist frå dei og slått seg ned som kakse i Frankrike. Så Daniel må velja seg andre farsfigurar. Den viktigaste blir den svarte bluesgitaristen Greyhound, med marsjandisehandlaren O’Brien på andreplass. Daniel gjør ein god jobb i butikken til denne mannen, som i tillegg er far til jenta han drømmer om.

Hovudtemaet i ”Brighton Blues” er velbrukt - ein ung mann strevar for å skape seg ein identitet. Ikkje alle unge menn klarer den jobben, men det gjør Daniel. Han knyter seg til tradisjonen gjennom bluesmusikken og myten som seier at denne musikkforma tilhører dei som er utstøytt. Mens kjærleiken til Sophia og håpet om å få ho, held han fast til nåtida og framtida. Og det er kampen hans for kjærleiken som driv handlinga framover.

I tillegg har han ein psykiatrisk diagnose når romanen byrjar, og han får enda ein før handlinga er slutt. For heilskapen i romanen hadde han ikkje trengt det, men forfattaren har gjort dette valet, og det forstyrrar ikkje. Det kan hende Wingaard Wolf vil seia noe om tilhøvet mellom sjukdom og sunnheit – at romanen mellom anna er eit subtilt verkemiddel i arbeidet for å utvide normalitetsomgrepet. Det er det i tilfelle berre å heie på.


Dei fleste bøkene til Øystein Wingaard Wolf er diktsamlingar. Han har også sunge eigne songar på CD. Poeten er verksam også i romanen. Språket er enkelt og effektivt; setningane for det meste stutte. Men det svingar av dei. Karakterane får både liv og lesarens sympati. ”Brighton blues” er rett og slett ei fin bok.

1 kommentar:

  1. Veldig fint skrevet om en flott roman! Brightons funksjon som mulig kontrast hadde jeg ikke tenkt på, det var spennende.

    SvarSlett