tirsdag 11. oktober 2011

Ny bok av Tove Nilsen. Klassekampen 8. oktober

Tove Nilsen har lese og skrive mye, ho er intellektuell og danna, men ho liker best enkle og ujålete menneske. Dette er inga overrasking for den som har lese bøkene hennes regelmessig, men det har nok aldri komme tydelegare fram enn i “Øyer i hjertet”, som nyss er komen. Ikkje fiksjon denne gongen, det dreier seg om eigne opplevingar.

“Øyer i hjertet. En begeistringsbok” heiter boka til overmål, og det er hovudsakleg Kreta og Skåtøy Nilsen skriv om. Kreta kjenner dei fleste til, Skåtøy ligg utanfor Kragerø. Den sist nemnde øya er barndommens landskap, mens ho fann fram til Kreta som ung vaksen, og ho reiser dit stadig.

Tove Nilsen er ein dyktig stilist, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg topografien på desse to øyene; ho skildrar vegetasjon og bygningar med skarpt blikk og passeleg unøyaktig minne. Men det er først og fremst i skildringa av menneske og dernest av dyr, som ho viser meisterskapen sin. To folkesky eldre brør på Skåtøy, to kvinner på Kreta som ho tilfeldigvis hamnar i heimen til når ho er på jakt etter husly, og mange andre som ho møter på vegen sin. Dei fleste er eldre enn henne og opptrer på ein måte som gjør at dei vekkjer respekt eller til og med beundring hos ho.

Det er så mange gode kjensler i denne boka, og så raus innstilling til verda, at når eg likevel må peike på problematiske sider ved teksten, kjenner eg meg slem og litt utakksam. Det største – kanskje det einaste – problemet heng saman med begeistringa. Når ein forfattar skriv ei “begeistringsbok” er det openbert at ho ønskjer å vise fram si eiga begeistring. Tenkjer ho også at ho vil vekkje begeistring hos lesaren? Det er i tilfelle eit ambisiøst mål; dersom dei fleste lesarane er som meg, er det det kunstnariske resultatet som skaper begeistring – haldninga og innhaldet kan gjerne vera svart og pessimistisk, som hos Thomas Bernhard.

Eg kjenner att tona i denne boka frå andre Tove Nilsen har skrive; først og fremst oppvekstromanane frå “Skyskraperengler” og framover. Det som skil desse frå den nye boka, er at dei finst ei underliggjande uro i dei, som skaper dramatikk og gir kontrast til dei mange muntre episodane. Nå er ikkje “Øyer i hjertet” ein roman, og da treng ein kanskje ikkje forlange så mye dynamikk? Eg tenkjer at ein tekst som skal ha lesarar, må ha noen taggar som stimulerer lesaren til å lesa vidare. Det er noen i denne boka; eg blir interessert i dramatikken rundt ein kontaktsøkande hund på Kreta og ein gjenstridig katt på Skåtøy, men eg må tilstå at eg fleire stader ble så trøtt av å bli stroken med håra at eg blei freista til å lesa fortare enn ein bokmeldar skal.

2 kommentarer:

  1. Er det du som har skrevet denne?

    SvarSlett
  2. Ja, det er bare jeg som skriver på denne bloggen.

    SvarSlett