torsdag 3. september 2009

Motherless Brooklyn

Eg trudde eg følgde godt med i amerikansk litteratur, men denne boka måtte eg få meg tilrådd ti år etter at ho kom. Omsett til norsk var ho og, for fleire år sia. "Motherless Brooklyn" av Jonathan Lethem. Ein kriminalroman som er mye meir enn ein kriminalroman, og det er ikkje mange bøker som fortener at ein seier det om dei. Det aller mest spesielle med denne boka slik eg opplever ho, er at ho talar så sterkt til øyra. Eg hugsar ikkje sist eg opplevde det, at det var som om forteljaren las høgt for meg med ei stemme som liknar stemmene i gamle noirfilmar, f. eks. med James Cagney i hovudrolla.

Hovudpersonen heiter Lionel Essrog og er ein av fleire foreldrelause gutar som kallar seg "The Minna men" oppkalla etter leiaren deira, James Minna, som engasjerer dei i ei lyssky verksemd som etter kvart utviklar seg til eit slags detektivbyrå. Minna blir drepen, og Lionel set seg som mål å finna mordaren.

Lionel Essrog er truleg verdslitteraturens einaste detektiv med Tourettes sydrom. Lethem teiknar eit særs levande bilde av hovudpersonen sin, med grenselause tankesprang og ufrivillige rørsler og utsegner. Om han står til truande for fagfolk, veit eg ikkje; han fungerer uansett svært godt som litterær karakter.

Kan hende finn eg fram til den norske omsetjinga ein dag òg, for å sjå korleis dei verbale ticsa er takla. For denne boka byr nok på fleire utfordringar enn vanleg for omsetjarar frå engelsk. Det er kanskje ikkje den mest spennande krimhistoria eg har lese, men ein av dei mest engasjerande lesaropplevingane frå regnveggen denne sommaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar