torsdag 6. oktober 2011

Spennande novelleantologi. Trykt i Klassekampen 17. september

”You could learn a lot about human nature, it turned out, from reading books”. Denne lærdommen haustar hovudpersonen i novella ”Great Experiment” av Jeffrey Eugenides når han er godt i gang med å svindle arbeidsgjevaren sin. Han arbeider i eit forlag som heiter det same som novella, og det aktuelle oppdraget hans går ut på å laga ei lommeutgåve med utdrag frå ”Demokratiet i Amerika” av Toqueville. Å bruke dette sosiologiske standardverket frå det nittande hundreåret symbolsk i ein tekst om svindel, er bortimot ein genistrek, og Eugenides turnerer temaet sitt med humor og eleganse.

Både i denne novella og fleire av dei andre i antologien ”Blue Collar, White Collar, No Collar. Stories of Work”, kan lesaren lære mye om den menneskelege naturen. Og han kan gle seg over ypparleg prosa; dramatisk, rørande og humoristisk. Det er Richard Ford som har sett saman antologien, og det ser ut til at han bruker same skjønnet når han plukkar noveller andre har skrive, som når han handterer sine eigne verk.

Det er 31 noveller i antologien, som har eit visst maskulint preg. Av forfattarane er det berre ni kvinner, og når ein tel hovudpersonar, finn ein at 25 av dei er mannlege og berre seks kvinnelege. Eg dreg ikkje fram dette som ein veikskap ved samlinga; det er rein forbrukarrettleiing. Men skulle eg redigert ei tilsvarande bok med min avgrensa kjennskap til nordamerikansk litteratur, veit eg av noen kvinner eg utan vidare ville tatt med: Tillie Olsen, Grace Paley og Jayne Anne Phillips.

Representativitet er altså ikkje eit kriterium for dette utvalet. Og samlinga er ikkje meint å skulle vera det ultimate noe som helst. Berre sju av novellene er skrivne før 1980, men den eldste av dei er frå 1941, så det ville ikkje vore oppsiktsvekkjande om Ford hadde funne plass for Hemingway og Faulkner. Men det er ikkje slik han har tenkt. Han har sett saman boka etter same prinsippet som ein artist som finn songar til eit album. Novella frå 1941 er det Eudora Welty som har skrive. Ho er ei av heltinnene til redaktøren, så det er heilt som det skal vera, at ho er med.

I forordet skriv Ford om tilhøvet sitt til arbeid, frå han var barn og fram til no, og om korleis han har streva med å forsvare at han har brukt tida si på litteratur framfor ordinært arbeid. Dette er nok eit kjent dilemma for våre heimlege forfattarar òg – i allfall for dei som ikkje opplever økonomisk suksess. Vidare seier han: ” Forteljingane i denne samlinga gjør oss klar over mange viktige ting på nytt: Ein av dei er arbeidet vårt; dei klart motstridande kjenslene vi har for det (som røpar oss), det sentrale (eller absurde) ved arbeidet som del av den private og nasjonale karakteren vår, om den grunnleggjande uforsonlegheita ved arbeidet som opptar oss veldig og som vi prøver å forstå, slik at vi skal forstå oss sjølve.”

Det er ikkje først og fremst skildringar frå arbeidsplassen som dominerer denne samlinga; det handlar meir om kvardagslivet, der arbeidsoppgåver og arbeidsliv er eit bakteppe og ein føresetnad for handlinga. Viss ein ser bort frå dei tre forteljingane som utspeler seg i gardsmiljø på landsbygda og skrivemaskinverkstaden til Charles D’Ambrosio, er ikkje mye produksjon å sjå i antologien. Da er servicenæringane langt betre representert – butikkar og serveringsstader av ulike slag, kontorarbeid og arbeid i heimen. Forfattarar, ein prest og ein gjeng profesjonelle mordarar.

Hausten 1994 trykte magasinet Ploughshares eit essay av Charles Baxter – ein prosaist av dei som ikkje har fått vera med i denne samlinga, men som ikkje ville skjemt ho ut om han hadde – og det hadde tittelen ”Dysfunctional Narratives, or ”Mistakes Were Made” ”. Her hevdar han at det er ein utbreidd tendens i moderne amerikansk litteratur at hovudpersonane blir framstilt som offer og ikkje som handlande subjekt. Han samanliknar kunstprosaen med formuleringane til Richard Nixon, da han freista bortforklare Watergate ved å skulde på omstenda og på medarbeidarar. Romanar og annan prosa opptrer i landskapet til traume og paralyse, seier Baxter, og i staden for ein litteratur med protagonistar og antagonistar har vi fått ein litteratur som viftar med peikefingrar og leitar etter noen som kan få skulda. Han meiner at det har utvikla seg ein ny slags naturalisme, men i motsetnad til i naturalismen til Zola og Dreiser, er det denne gongen ikkje tilhøve i samfunnet som gjør dei litterære karakterane til offer; det er tilhøve i familien.

Eg veit ikkje i kva grad Baxter har rett, men det er ein interessant ståstad å sjå på litteraturen frå, i eit samfunn der folk er meir opptatt av forbruk enn av politikk. Som Baxter seier: ”Herskarane er glade når de kjenner dykk hjelpelause. Dei er nøgde når de trur det er familien som er kjelda til vanskane dykkar. Dei er begeistra når de slår frå dykk tanken på å slå dykk saman og handle politisk”.

I ei samling noveller som har arbeidet som fellesnemnar gir dette utgangspunktet god meining. Det har å gjøra med optimisme og pessimisme òg. For meg er det iallfall slik, at mye heller enn velskrivne dystopiar, vil eg ha litt rufsete litteratur som ikkje tar frå meg trua på livet og menneska. Så altså: Er det kvardagsheltar eller kvardagsoffer vi finn i antologien til Richard Ford?

Andre Dubus skriv om to unge brør som deler ei avisrute, og som skal på jobb etter å ha hørt foreldra krangle og slåss om natta. ”A Song for Doc” av James Alan McPherson er sjølve grunnkurset i skjønnlitterær handsaming av temaet arbeid. Novella handlar om ein gammal svart kelner som fortel ein ung yrkesbror om korleis ein legendarisk kollega blei pressa ut av arbeidslivet trass i at han meistra oppgåvene sine til perfeksjon. Elizabeth Strout fortel om ein eldre apotekar som tar vare på, og forelskar seg litt i den unge, lite robuste, kvinnelege medhjelparen sin, samtidig som han skal handtere eit komplisert privatliv. Ikkje spor av dysfunksjonalitet her.

Det er stort sett velkjente, framståande forfattarar som er representert i antologien til Ford. Fleire av dei er omsett til norsk. Eg har ikkje mange kritiske kommentarar til utvalet: Det nyttar ikkje å etterlyse forfattarar; tilfanget er enormt, og det hadde truleg vore mulig å setta saman både to og tre bøker til med 31 noveller i kvar, av like høg kvalitet. Var eg redaktør, ville eg valt andre bidrag frå Annie Proulx, Tobias Wolff og Ford sjølv. Eg likte ikkje så godt novellene til Ann Beattie og T. C. Boyle; den første er for kald og den siste legg for stor vekt på sluttpoenget – etter min smak, for her er det spørsmål om smak og behag, meir enn om kvalitetskontroll.

Den som vil lesa amerikansk novellekunst, har mye å velja mellom. Det kjem fleire antologiar kvart år, som summerer opp året som har gått. Ein kan få samlingar som er ordna tematisk, kronologisk eller geografisk. Eg har vore opptatt av amerikanske noveller i over tretti år og har lese antologiar i hopetal. Denne er ein av dei beste.

Blue Collar, White Collar, No Collar. Stories of Work. Novelleantologi. Redigert av Richard Ford. 607 sider. New York. Harper Perennial 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar