tirsdag 16. juni 2020

Helge Rykkja


Eg hadde ikkje tenkt meg at denne bloggen skulle bli ein oppsamlingsplass for nekrologar. Men så døydde Arvid Torgeir Lie i mai, og etter om lag tre veker kunne eg lesa at Helge Rykkja har forlate oss. Begge desse var framifrå poetar som eg har sett pris på, og som ikkje har hatt så mykje lys på seg dei siste åra. Det ville gjøra meg glad om fleire ville lesa dikta deira etter å ha vore innom bloggen min.
 
Helge Rykkja blei fødd i 1943, og alt i 1966 kom den første boka hans, rett og slett med tittelen «Bok». To år etter kom han med diktsamlinga «Poesi», og det er nok desse bøkene som er dei mest sentrale i forfattarskapet. Det er tynne bøker med raust innhald; både små og store tema, men Rykkja heldt seg alltid langt unna dei store orda, og han kunne bli oppfatta som for enkel og ikkje heilt seriøs – ei oppfatning som nok ingen deler lenger. Jon Leirfall frå Senterpartiet siterte han til spott og spe frå talarstolen på Stortinget – ei ære som også Arild Nyquist fekk oppleve, og eg vil tru at begge fekk nye lesarar i kjølvatnet av dette.

Eit dikt frå «Poesi»:

Sverige, så vakkert land. Jeg drømmer om deg.
Bjørnson var i Sverige og andre og. Det er den
dype Bottenviken som er fin, flammehavet i
Kiruna, vennskapsby med Gjøvik. Høye fjell,
ikke så høye fjell som Galdhøpiggen, høye nok.
En uendelighet av landevei.
Nasjonalsangen er meget gammel.
Hvorfor elsker vi Sverige nå?
Fordi det har så myke barn.
Svenskene tåler ikke så mye, gjør de? De blir
slått sønder og sammen. Vi liker tålmodighet.
Vi elsker dem, tror jeg, fordi de blir slått.
Haparanda.
Det er noe i veien med Sverige.

Helge Rykkja var ikkje berre diktar, han var også lærar i Kragerø og kommunepolitikar for Raudt i same kommune. Det står ein fin artikkel om han i Klassekampen 16. juni. Eg må medgi at eg ikkje har lese så mykje av det han skreiv dei siste åra, så eg måtte ein tur på nettet. Der fekk eg sjå at han har ei forfattarside, eller ein blogg. Veldig tiltalande, og det siste innlegget, som handlar om makrellen, er datert så seint som 30. mai i år. No skal eg lesa meg bakover på bloggen, og det tilrår eg fleire å gjøra. Her er han: https://helgerykkja.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar