onsdag 5. august 2020

"Et lite liv", men diger bok

No og då hender det at eg kjenner trong til å finne ein tjukk roman der eg kan krype inn og bli ei stund. Ein roman eg kan fordjupe meg i utan å møte alt for mykje motstand, samtidig som han er skriven på ein slik måte at eg ikkje treng irritere meg over banalitetar og dårleg språk. Førre gongen eg hadde det slik, fann eg fram «Et lite liv» av Hanya Yanagihara – ein forfattar eg ikkje veit stort om, anna enn det som står på innbretten: ho er amerikansk, fødd i 1975.

Boka kom på norsk i 2016 og fikk ein del merksemd. Mi pocketutgåve er frå sjette opplaget, så ein kan tenkje seg at ho har hatt mange lesarar, og slik sett er det ikkje sikkert eg gjør nokon ei teneste ved å skrive om ho her. Men litteratur skal ikkje vera ferskvare, og det kan jo hende at nokre refleksjonar fire år etter kan skaffe boka nye lesarar, eller bidra til nye tankar hos dei som har lese ho. (Pocketutgåve, forresten: det skal litt til å ha så store lommer at ein får plass til denne 800 sider lange boka.)

Romanen startar som ei tilforlateleg forteljing om fire unge gutar som ikkje kjenner kvarandre, men som møtest fordi dei skal dele leilegheit i New York når dei startar å studere. Ein kommande biletkunstnar, ein skodespelar, ein arkitekt og ein advokat. Alle blir dei framståande på sitt felt, og etter kvart som handlinga utviklar seg, kjem det fram at advokaten, Jude St. Francis, har opplevd uvanleg tunge ting som framleis pregar livet hans. Han blir snart den sentrale figuren i romanen.

Jude er funksjonshemma, nærtakande og introvert, og han har det med å skade seg sjølv. Det kjem fram at han har vore utsett for alvorlege overgrep, og det romanen først og fremst handlar om, er korleis overgrep dominerer den som har vore utsett for dei, og også korleis det pregar liva til dei som er rundt offeret.

Boka er lett å lesa, og likevel tung og dyster. Jude har eit stort nettverk, og han blir hovudoppgåva i livet til fleire av dei. Det handlar om meir enn empati, for Jude er ein mann med mange talentar, og i sine beste stundar har han mykje å gje tilbake. Men han har ei massiv utryggheit i livet sitt, som gjør at han heile tida er i kamp, både med seg sjølv og sine næraste.

Sett utanfrå er alle dei viktigaste karakterane i boka vinnarar. Og det har nok Yanagihara gjort for å få fram kor mykje som skal til for å lækje såra etter overgrep i barndom og ungdom. Samtidig får ho sagt at den amerikanske draumen ikkje er så glansa som den meir lettbeinte delen av amerikansk kultur prøver å få oss til å tru. Lesaren kan ikkje la vera å spørja seg om korleis overgrepsoffer har det, som ikkje har eit slikt nettverk rundt seg.

«Eit lite liv» er ei viktig bok. Eg har ikkje sett denne problematikken bli så inngåande skildra før, og eg har framleis uro i sjela etter å ha lese ho. Men likevel har eg innvendingar. Romanen er for lang. Ettersom det er nokre år sidan boka kom på norsk, søkte eg opp reaksjonane i norske medium då ho kom. Somme stader sto det om boka at forleggjaren til originalutgåva hadde bedt om at forfattaren skulle skjæra ned teksten med 150 sider for å spare lesarane for litt elendigheit. Det ville ho ikkje; ho ville at det skulle gjøra vondt. Slik eg ser det, burde ho gjort det, for at det skulle gjøra vondare. Slik det er blitt, er det for mange repetisjonar. Nerven i boka blir svakare, så til tider blir det rett og slett litt keisamt. Og det var jo ikkje meininga.

Det er godt kjent at overgrep er øydeleggjande for dei som er offer. Slik sett kjem ikkje romanen med ny kunnskap. Men dei som har hatt ein enklare seilas gjennom livet, får høve til å komme i kontakt med smerten og fortvilinga til dei som lever med minne om slike opplevingar, og det er meir enn god nok grunn til å håpe at enda fleire skal setja seg ned med han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar