torsdag 14. mai 2009

Kjøpt på slump, lesen med glede.

Eg var i London i palmehelga og hadde sjølvsagt noen bøker og tidsskrift i bagasjen da eg kom heim. I ”Literary Rewiev ” las eg meldinga av ”The Enemy of the Good” av Michael Arditti, ein forfattar eg aldri hadde hørt om, men bokmeldaren rosa boka, og eg tinga ho frå ein nettbokhandel.

Forfattaren har gitt ut fem bøker før, og skal ein tru reklamen, er dei meisterverk, kvart einaste eitt. Han er engelsk og meir enn vanleg opptatt av det religiøse i liva til folk. Titlane ”Celibate” og ”Easter” seier litt om det.

Sjølv står eg utanfor statskyrkja og reknar meg som ateist, ikkje heilt komfortabelt. Det finst jo ting vi ikkje kan forklare, og til vanleg reknar eg med, at det kjem av at vi ikkje har rukke å skaffe oss kunnskap om alt. Men eg har jo alltid kjent til, at mange har eit religiøst perspektiv på livet sitt, og dette har interessert meg dei siste åra.

”The Enemy of the Good” handlar om ein familie der den 83-årige Pater Familias har vore biskop i den anglikanske kyrkja, men han har mista trua. Han er gift med ei jødisk kvinne som vaks opp i Polen, sjølvsagt med familie som hamna i konsentrasjonsleir. Ho er ikkje truande, og ein framståande og omstridt antropolog med spesiell kunnskap om eit afrikansk folk som har klart det meisterstykket å leve i fred med einannan og folk omkring.

Sonen Clement levar saman med ein mann og lagar bilde med bibelske motiv. Han er den einaste i familien som har heldt fast på kristentrua, men han kjem i miskreditt hos bokstavtru anglikanarar når han lagar eit glasmåleri til ei sentral kyrkje, der han framstiller Jesus med kjønnsorgan i full storleik. Parallellen til strida om Muhammed-karikaturane er slåande.

Dottera Susannah har vore sambuar med ein mann som sit inne for mordbrann. Ho har gjort det godt i reklamebransjen, men gir opp alt når ho trer inn i ei ytterleggåande jødisk sekt samstundes som ho forelskar seg heftig og giftar seg med ein framståande medlem i dette trussamfunnet.

Det er motig gjort å skrive ein roman med eit utgangspunkt som dette, for det er ikkje mange feiltrinna som skal til før det heile hamnar i parodien. Men Arditti held balansen, enda konfliktar og dramatiske hendingar står i kø. Det er dei eksistensielle problemstillingane og vala som står i sentrum, samtidig som forfattaren er ein ypparleg personskildrar.

Det hadde ikkje overraska meg om Arditti kom til å plukke med seg noen prisar for denne romanen, og han hadde nok gjort seg både i norsk omsetjing og på film.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar