søndag 18. oktober 2009

Ambjørnsens beste?

Med det same eg såg tittelen "Opp Oridongo" på den nye romanen til Ingvar Ambjørnsen, tenkte eg på Joseph Conrad og reisa kaptein Marlow gjorde i "Heart of Darkness". Etter å ha lese boka, ser ikkje bort frå at Ambjørnsen kan ha hatt Conrad i bakhovudet, sjølv om Marlow og Kurtz her er ein og same person, reisa opp Oridongo er ei symbolsk reise, og handlinga går føre seg i det kalde Noreg. (På Nordvestlandet står det på innbretten, men i boka tek hovudpersonen toget til Trondheim og bussen vidare, så på kartet mitt ville han enda på Trøndelagskysten). For sjølv om det skil 107 år mellom utgjevingane, har ikkje menneska og samfunnet endra seg meir enn at det fortsatt er aktuelt å skrive dramatiske forteljingar og sivilisasjonskritikk.

Hovudpersonen, Ulf Vågsvik, er ein mann på alder med forfattaren. Oppvaksen i Oslo og ute på ville vegar som førte til det han kallar reisa opp floden Oridongo, noe som nok er ei omskriving av nær kontakt med rettsvesenet og/eller psykiatrien. Dette ligg bak han når handlinga tek til, nå er han der at han trur han kan leve i balanse med seg sjølv og omverda, trygt og utan konfliktar. Men det går sjølvsagt ikkje, korkje for Vågsvik eller oss andre, som er avhengige av andre menneske i kvardagen.
Hamna han mønstrar av i, heiter Berit. Ei varm og kjærleg kvinne i sekstiårsalderen, som Ambjørnsen er glad i, og som han syter for at lesaren også blir glad i. Ulf og ho fekk brevkontakt i den mørke perioden i livet hans, og når han kjem flyttande utan forvarsel, tek ho imot han og let han bli buande saman med ho.

Eg har ikkje lese riktig alle bøkene Ambjørnsen har skrive for vaksne, men på bakgrunn av dei eg har vore gjennom, påstår eg at han har to måtar å skrive prosa på. I dei fleste romanane - dei om Elling, for eksempel, skriv han i eit raust språk, nærmast overdådig. Og det overdådige fører lett til sløseri. Eg har det problemet med desse bøkene, at forfattaren fyller dei fleste av romma eg, som lesar, vil ha til refleksjon og eigne bilde. Da er det langt meir tilfredsstillande å lesa dei siste novellesamlingane hans, der han økonomiserer med språket og skaper rom for resonans.

Ettersom "Opp Oridongo" kom på ettersommaren, er det mange som har meldt romanen for lengst. Eg har lagt merke til atterhalda hos somme kritikarar, som kanskje har forelska seg i Elling og kokebokforfattar Gedde. Mi meining er, at Ingvar Ambjørnsen aldri har skrive ein betre roman, og eg kjem verkeleg til å følgje spent med i forfattarskapen hans framover.

Det har å gjøra med språket, og med utviklingshistoria. Vi møter Ulf Vågsvik på den vesle øya - som ikkje er så lita at ho ikkje har tannlege, bankfilial, plateforretning med Keith Jarrett i sortimentet, og samfunnshus med kafé - og han er innstilt på harmoni med heile seg. Samtidig er han litt på tuppane; forfattaren viser oss ein mann som måler opp kaffen til siste korn, som let katten fordrive han frå sofaen, og som ikkje toler avvik på ein einaste centimeter når han stablar ved. Når ein karakter blir presentert på denne måten før ti sider er gått, er han nødt til å få mye å stri med på dei 250 som står att. Og Ambjørnsen manøvrerer han gjennom utfordringane og fram til klarheit i eit effektivt og økonomisk språk.

"Opp Oridongo" er ein optimistisk roman. Ambjørnsen har skapt ein god rollemodell for folk som strever med livet sitt, og ein god grannelagsmodell for små samfunn som måtte få skakkjørte oslofolk eller somaliarar til heimstaden sin.

Heilt utan lyte er romanen rett nok ikkje. Vågsvik får komma med eit utfall mot AKP som verkar pussig og utanpåklistra, og mot slutten av forteljinga lar forfattaren eit hus brenne ned. Etter mitt syn ein "special effect" som romanen hadde klart seg betre utan.

Eg kan ikkje hugse eg har sett Ambjørnsen smile på bilde før eg såg baksida av smussomslaget på årets roman. Det kan sjå ut som han gler seg over at han endeleg har skapt eit verk som foreiner eit pregnant språkleg uttrykk med den gode historia frå dei mest kjente romanane hans. Og da har han lov å vera nøgd.

(Bokmagasinet, Klassekampen, 10/10-09)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar