søndag 18. oktober 2009

Full kontroll

Å lesa dei saklege tekstane til Odd W. Surén er som å vera blant venner. Ein føler seg inkludert, orda flyt lett og ein kan til stadigheit gle seg over gode og treffande formuleringar. Så hender det sjølvsagt at ein må spørja opp att, og ettersom det handlar om skrift og ikkje tale, må ein sjølv syte for å få poenga ein gong til, men det går som regel greitt.

Det er ikkje rart Surén er godt likt, for han har ei god oppskrift, enten han skriv skjønt eller sakleg. Fire delar formuleringskunst, to delar humor, to delar empati, krydra med originalitet i passe dosar. Ein likande forfattar med gode tekstar; ikkje ein av dei som kritikarane gler seg til å kaste seg over og rive frå einannan. Familien er glad i han òg: Storebror Oddmund Hagen skriv pent om han på smussomslaget, mens veslesyster Agnes Ravatn skryt av han i eit heilt overflødig etterord. Og sjølv må eg skjerpe meg for å gjøra jobben min: Lesa han mothårs, slik at Bokmagasinets lesarar kan ha noen flikar å dra i når dei følgjer tilrådinga mi og les boka frå perm til perm.

”Fra konseptene” inneheld 35 tekstar pluss føreord. Dei enklaste tekstane er skrivne på nynorsk; resten er på bokmål, kva det nå måtte fortelja oss om forholdet Surén har til målformene. Sju av dei er enkle og humoristiske, tatt frå Strilen i 1995 og Dag og Tid i 2007-08. Desse fungerer som friminutt mellom dei lengre, meir krevjande tekstane, for samlinga tar godt vare på behovet lesaren har for avveksling mellom arbeid og kvile.

Om lag 15 av tekstane er bokmeldingar. Og Surén er ein snill kritikar, iallfall i denne boka. Ni av kritikkane er nokså ferske tekstar frå Dag og Tid, og han liker alle bøkene han skriv om. Det er greitt nok – han skriv inspirert og fengande, og han har overtydd meg om at eg likevel skal lesa ”Mesteren” av Colm Tóibin, og at eg ikkje kan gå vidare i livet utan å få med meg György Dragoman. Men det hadde vore artig å sjå han med kvessa brodd mot dårleg litteratur òg. Det er dei som hevdar at forfattarar ikkje bør vera kritikarar, og det kan hende Surén har ein praksis som gir næring til dette synspunktet. Kanskje kunstnarsårbarheita hans murrar i sjela når han skriv kritikk, eller medkjensla med ein kollega som ikkje når opp til han sjølv.

Han har også skrive på bokmål i meir teoritunge medium. Desse artiklane handlar for det meste om forfattarar som lett blir oppfatta som eksklusive – eller sære. Ettersom litteraturvitarar skriv lange artiklar om dei, veit den informerte lesar at dei skriv viktige bøker, men verka kan vera vanskelege å trenge inn i og ta stilling til på sjølvstendig grunnlag. Ole Robert Sunde skriv bøker av dette slaget. Det er ikkje lett å vera kritikar i møte med slike verk, og det opplever nok Surén òg. Han har lese bøkene og kan gjøra greie for kva som står i dei, og det er jo bruk for folk som kan vera døropnarar for andre, mindre kvalifiserte lesarar. Men kritikk blir det ikkje når spørsmåla manglar.

I tillegg til det som er nemnt, inneheld boka to eksempel på sivilisasjonskritikk som samtidig er parodiar på kunstkritikk, skrivne i 1990 og -91. Langt framme i boka står det eit interessant essay om skam, og dei som skal ta doktergrad på Surén, kjem nok til å lesa denne teksten med lupe. Det er skarp polemikk mot ytre høgre her, i artiklar som dessverre ikkje har vore publisert tidlegare, enda dei kunne ha friska opp debatten i kva storavis som helst, og trass i at forfattaren påstår at han har hatt over tusen tekstar på trykk. Surén skriv humoristisk, og han skriv også om humor. Interessant og tankevekkande, men når han avsluttar eit foredragsmanus med ei heil novelle, blir det heller utflytande enn opplysande. Å lesa ein tekst er noe anna enn å høre eit foredrag med gode vener og mye øl.

Resten av tekstane må lesarane finna fram i utan hjelp frå meg. Det er ikkje sikkert eg har nemnt dei viktigaste. Vi har mange gode essayistar her til lands, som skriv i tradisjonen etter Garborg og Vinje. Surén er ein av desse. Dei som liker å lesa Einar Økland og Solveig Aareskjold, vil like tekstane hans òg.

(Bokmagasinet, Klassekampen, 3/10-09)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar