torsdag 14. juli 2011

1984 i 2011

Eg hugsar første gongen eg las 1984. Det var i 1968, det var sommar, og eg las romanen liggjande på eit teppe utanfor barndomsheimen min. Eg tenkte på at eg hadde levd i 16 år, og det sto att nye 16 år før vi var framme ved årstalet denne boka har som tittel. 16 år etter det ville det bli nytt årtusen - eit liv etter dette, kunne eg ikkje tenkje meg.

Nå er det gått elleve år til. Eg fekk ei dotter i 1984 - ho er vaksen. Samfunnet George Orwell skildrar, er ikkje blitt noe av, og romanen var vel heller ikkje meint som ein spådom.

Rett nok er det slik, at Store Bror ser deg både her og der, og når makthavarane snakkar, er det slett ikkje utan innslag av nytale. Med den innvandringspolitikken vi har i dag, er det litt spesielt at vi held oss med eit inkluderingsdepartement, og ein kan jo merke seg vokabularet til Faremo når ho snakkar om krigane Noreg deltek i.

Kva så med romanen? Han har kanskje tapt seg litt. Orwell snakkar med store bokstavar, og teksten er rik på transportetappar. Men 1984 har spelt ei rolle som politisk dokument, og romanen har gitt oss noen felles metaforar til bruk mot overvaking i samfunnet, og det skal vi vera takksame for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar