fredag 15. juli 2011

Ingen enkle svar - Øystein Lønn

Eg måtte ha pause frå ei tyngre bok og plukka "Thomas Ribes femte sak" av Øystein Lønn ut av bokhylla. Dette er heller ingen lettvinn roman, eg har lese han før, men bøkene til denne forfattaren har den kvaliteten, at ein godt kan lese dei opp att og likevel oppleve noe nytt. For Lønn er gåtefull.

Det er mange grunnar til at folk les. Noen vil drøyme seg bort, andre vil skaffe seg orden i tilveret. Eg tenkjer at eg ikke høyrer til noen av desse men må likevel innrømme at eg ikkje er heilt tilfreds, når eg har brukt tid på ein roman og sit att med spørsmål eg ikkje hadde da eg tok til med lesinga. Men kor mange svar har ein i det verkelege livet? Viss ein opplever samanheng, er det kanskje fordi ein har evna til å oversjå slikt som ein ikkje forstår. Det er fåfengt å lesa Lønn for å få svar; det meste ein kan håpe, er at ein skal betre til å formulere spørsmål.

"Thomas Ribes femte sak" er i tillegg ein slags kriminalroman. Ein lege er myrda, og politimannen Ribe, som har oppklart fire mordsaker der ofra har vore dommarar, får i oppdrag å løyse saka. Han må dra til heimstaden sin for å etterforske, og det viser seg snart at det ikkje berre er som etterforskar, at han er involvert. Dei impliserte inngår i eit innfløkt nettverk som har å gjøra med blant anna felles fortid, kjærleik og slektskap. Og Lønn er altså ikkje den som prioriterer å gi lesaren svar.

Øystein Lønn held seg gjerne til hovudsetningar, nesten utan andre bisetningar enn slike som startar med "som". Det gjør at teksten får eit referatpreg, men forfattaren nyttar stadig samanlikningar - mange av dei nokså dristige, og med den ekstra funksjonen at dei minnar lesaren på at det fins ei verd utafor det vesle avsnittet teksten handlar om. Dessutan er replikkvekslingane mange og lange, og dei gjør sitt til at teksten ikkje blir tørr.

Den som liker krimgåter, kan gjerne lesa denne boka både ein og to gongar. Den som liker at gåtene også blir løyst, bør kanskje finne noe anna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar