tirsdag 29. august 2017

Nytt - og litt gammalt - frå Singelklubben.

Eg er medlem i Singelklubben. For dei som kjenner meg, er nok ikkje dette ei bombe; eg lever aleine og har heller ikkje fast følgje. Men det er ikkje ein selskapsklubb eg snakkar om. Det er singelklubben til Flamme forlag, som med ujamne mellomrom sender ut boksinglar – små litterære trykksakar på 20 – 30 sider, og gjør det muleg å fullføre eit litterært verk på stutt tid og dermed få tid til å delta i selskapslivet. Litteratur tilpassa vår travle tid - kanskje litt selskapsklubb likevel. Boksinglane inneheld poesi, oppdikta prosa og essays. Ein kan iblant få den kjensla at det først og fremst er ein ungdomsklubb; ofte er det unge forfattarar som skriv og hentar innhaldet frå eige liv, eller livet til eigen generasjon. Men også dei meir tilårskomne får sitt. Meir følgjer.
Den siste pakka som kom, inneheld «Tosker jeg har elsket», kortprosa/ novelle av Gina Tandberg, og essayet «Bortenfor, bortenfor, bortenfor» av Jan Grue. Tekstane til Tandberg er døme på dei ungdommelege tekstane eg kanskje er for gammal til å ha glede av. Det lyser ironi av tittelen, og innhaldet følgjer opp. Ho skriv om forelskingar og kjærleiksforhold frå barneskolen og fram til den miserable nåtida, og ettersom ho skriv i første person, kan ein lett la seg lure til å tru at ho skriv om eige liv. (Dermed kan ein kanskje rekne med ei rekkje singlar frå gamlekjærastar som vil fortelje frå sin ståstad). Ho er ein habil prosaist, og humoristisk, og det kan godt hende ho vil komma tilbake med tema som godt vaksne kan ha interesse av.
Jan Grue er også ung, og samstundes etablert, både som kunstnar og intellektuell. I essayet sitt reflekterer han over det merkverdige at litteraturen i samfunnet vårt for tida i stor grad skildrar det private livet til einskildmenneske, mens ein samtidig ser ein auka interesse for transhumanismen, der ein ønskjer å setta seg ut over dei naturlege lovene for menneskelivet og så å seia ta steget frå menneske til gud. Ein kunne tenkje seg at det var omvendt; at ein fann draumane i litteraturen og at livet til mennesket utspelte seg i spennet mellom fødsel og død. Det er ein interessant tekst, men viss meininga er å delta i eit aktuelt ordskifte, er han kanskje litt diffus og retta mot lesarar som kjenner seg heime hos kjempene i verdslitteraturen, som Borges og Joyce.
Eg har fått boksinglar i posten i fleire år. Godbit nr. 1 fekk eg for fem år sia, og etter det har eg følgd med på utgjevinga på same måten som eg følgjer med på ein fotballkamp; eg har glede av småpent spel og gode tillaup, og så jublar eg over dei sjeldsynte, spektakulære skåringane. Eg siktar til «Rat-a-tat-tat! Nye og gamle dikt.» av Jorunn Aanderaa. Aanderaa gav ut tre bøker på slutten av 60-talet, og så blei ho bortimot gløymt. Av meg òg, men eg blei svært glad da eg kom på ho att. Ho burde vore kultforfattar, og kanskje er ho det, i ein obskur liten krins. Ho blir kalla konkretist, og det er nok ingen dårleg merkelapp. Det er ikkje vanskeleg å gripe bodskapen hennar – viss det kan kallast bodskap – og eg reagerer på dikta hennes med ei blanding av fryd og ettertanke. Som her:

Valg

Jeg tror jeg tar fiskepudding
- ja, det gjør jeg
- ja visst, gjør jeg det!

Og med saus
- ja, saus,
og fremtidsmusikk!
Tenk om nokon kunne gi ut bøkene til Aanderaa på nytt. Flamme forlag, kanskje?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar