onsdag 17. januar 2018

Stor økologisk roman


Ein gong imellom er det godt å finna ein tjukk roman å krype inn i – gjerne ein der tidslina er lang. Sist eg kjende denne trongen, fann eg fram den siste romanen til Annie Proulx – Barkskins – på over 700 sider, utgjeven i 2016. Etter det eg veit, er han ikkje omsett til norsk, men forleggjarane i dette landet følgjer godt med i den amerikanske litteraturen, så det ville ikkje undra meg om det sit ein omsetjar og arbeider med teksten  i denne stund. For i tillegg til at dette er ein på alle måtar stor roman, blei Proulx godt kjend etter novella «Brokeback Mountain».

Denne omsetjaren ville nok måtte slite litt for å finne ein dekkjande norsk tittel, for «barkskin» er ikkje eit ord i dagleg bruk i engelsk. Da eg sjekka på nettet, fann eg at det er i bruk i nettspel som «World of Warcraft», der det viser til den eigenskapen at huda utviklar seg til ein naturleg rustning, som borken på eit tre. Og romanen handlar i stor grad om tre. Det er ein familiesaga som beskriv to slekter som skriv seg frå franske utvandrarar til Nord-Amerika, og samtidig ei forteljing om skogsdrift med vekt på motseiinga mellom berekraft og kortsiktig vinning. 

Dei unge franskmennene René Sel og Charles Duquet stig i land i det som skal bli Canada i 1693. Dei er i arbeid hos ein ambisiøs rikmann og blir sett i arbeid med å rydde skog, slik at han skal få bygd seg eit storslått hus, der han kan bu og ha hovudkvarter for vidare kolonisering. Gutane har aldri sett maken til slik skog, og skogen blir ei hovudsak for dei begge. René blir tiltrekt av skogen og skogsdrift som leveveg, medan Charles ser på skogen som handelsvare og kjelde til rikdom. René giftar seg med ei kvinne frå Mi’kmaq-stammen, og dei får etterkommarar som lever i spenninga mellom det indianske og det europeiske – mellom å leva i pakt med naturen og gjøra seg til herre over han. Charles er handelsmann, men også opptatt av å få etterkommarar som skal utvikle verket hans vidare halde fram med den europeiske dominansen i den nye verda.  For å vera på den sikre sida, adopterer han to gutar som han meiner har dei rette eigenskapane. Det er inga kjære mor for nokon av slektene; dei lever i tider der ein må gjennom harde strabasar for å halde liv i seg, og forteljinga er spekka med brutale dødsfall og alvorleg sjukdom.

Det er interessant å følgje slektene og dei ulike karakterane, men det eg liker best ved romanen, er likevel det historiske knytt til kolonisering, skogsdrift og handel – dersom det gir meining å skilje. For den økonomiske problematikken er handsame gjennom vala karakterane gjør og liva dei lever. Eg ser at det er kritikarar som meiner at den økologiske bodskapen til Proulx og kunnskapen ho har erverva seg om dilemma knytt til bruk av skogen, heng utanpå handlinga. Eg er ikkje einig i dette. Eg er tvert om imponert over korleis ho har klart å knytte alt dette saman til ein heilstøypt økologisk roman.

Det er også andre politiske tema i romanen. Forfattaren er opptatt av lagnaden til det nordamerikanske urfolket, og når eg les dei avsnitta der dette er stekt framme, jamfør eg med ein sterk norsk forfattar, Britt Karin Larsen, og forteljingane hennar om skogfinnane. Og i skildringa av Lavinia, ein kvinneleg etterkommar av Charles Duquet, får romanen også ein feministisk snert, i og med at ho kjempar seg til ein plass i selskapet, og lykkast. Det må også nemnast at Proulx er ein framifrå stilist – spesielt har eg sansen for dei knivskarpe personskildringane hennar: During his time in Amsterdam, at a popular coffeehouse Duquet met a colonial Englishman from Boston, Benton Dred-Peacock, dressed in smart clothes of the best quality but with a face that seemed made from stale bread crusts.

Skal eg utsetja noe på romanen, må det kanskje vera at han blir for kort, sine 713 store sider til tross. Forfattaren har sett seg føre å følgje to slekter frå 1693 og fram til 2013. Det er naturleg at ikkje alle epokane i eit så langt tidsspenn kan bli skildra like grundig, men eg får likevel ei kjensle av at Proulx bruker harelabben somme stader. Ein kunne tenkt seg at denne store romanen kunne vore eit verk som bestod av fleire band. Men det skal ein kanskje ikkje vente av ein forfattar som har passert 80 år.
Det er ikkje alle norske lesarar som er like stødige i engelsk, så som sagt: Eg håper ein habil omsetjar har fått jobben med å gjøra denne staselege romanen tilgjengeleg for det norske publikummet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar