Når ein har lese bøker eit langt liv, er det ikkje ofte ein blir freista til å seia at ”dette er den beste boka eg har lese” innafor ei eller anna ramme. Og skulle ein komma til å seia det, ken det vera uttrykk for stemning meir enn vurdering, og ikkje minst kan det vitne om dårleg minne. Dessutan er det jo slik, at lesaroppleving er ein upåliteleg målestokk, spesielt om ein samanliknar bøker ein har lese med fleire tiår i mellom.
Difor skal eg ikkje påstå at ”Bernard Malamud. A Writer’s Life” er den beste forfattarbiografien eg har lese. Men eg kan ikkje hugse andre bøker i denne sjangeren som har begeistra meg meir. Og det er slett ikkje fordi eg er glad i Malamud, slik kvinna i mitt liv har ymta frampå om. For eg har lese bøker om mange andre favorittar, somme av dei så elendige at det har vore til å bli trist av.
Biografen heiter Philip Davis, og han er ein særs kompetent mann. Professor i engelsk ved Universitetet i Edinburgh, opptatt av Malamud like lenge som eg sjølv, røynd forskar og formidlar med fleire bøker bak seg. Han har hatt ei stor oppgåve, men ho har truleg ikkje vore veldig vanskeleg. Malamud etterlet seg mye materiale. Store mengder brev og fleire utkast til dei fleste – kanskje alle – verka. Han tok seg sjølv svært høgtideleg og var medviten om at ettertida ville komma til å vera interessert i han.
Den som skal skrive biografi om ein forfattar, må ta stilling til i kva grad boka skal handle om livet til objektet, og kor nøye ein skal gå inn på verket. Altfor ofte er det livet som blir prioritert, og det er dei biografane som kan avsløre dei mest pikante detaljane, som får mest merksemd. Det er nok oftast slik, at livet er lettare å finne ut av, enn verket. Dei ferdige tekstane vil vera tilgjengelege, men det er ikkje ofte det er muleg å følgje eit verk frå idé til ferdig tekst. Dessutan skal biografen ha kunnskap og mot til å handtere stoffet og balansere tekstanalysen mot livshistoria.
Philip Davis gjør dette på utmerka vis. Som sagt har Malamud lagt forholda godt til rette, men Davis har vore en dyktig lesar, og det er svært interessant å følgje han når han går frå utkast til utkast og viser korleis Malamud pussar og gnir på setningane sine for å komma fram til resultatet han ønskjer. Det er ikkje mange stader eg har fått så tydelig demonstrert at skrivekunst er noe anna og meir enn berre å fortelja ei historie.
Malamud skreiv sju romanar og femti – seksti noveller. Tre romanar og den første novellesamlinga er omsett til norsk, og fleire av dei har eit innhald som ligg tett inn til livet til forfattaren. Trådane mellom liv og verk blir gjort tydelege av Philip Davis, men han er heile tida nøktern og gjør ikkje for mye ut av noe. Det er ikkje oppgåva til Davis å psykologisere, men det er muleg for den som vil, å tolke karaktertrekka til Malamud i lys av oppvekst i fattigdom i jødisk innvandrarmiljø i New York, omgitt av psykisk sjukdom.
Det eg likar best, er skildringa av arbeidet med "The Assistant" og "Dubin's Lives", to av dei tre romanane eg er mest glad i. Favoritten min, "The Tenants", blir nesten avfeid, og det skuffar meg litt, samtidig som eg langt på veg kan vera einig i innvendingane. Enda eit prov på at lesaroppleving og litterær kvalitet ikkje er ein til ein-storleikar. Det som rører meg så sterkt i denne romanen, er kampen til hovudpersonen, men eg ser at det er andre ting som kunne vore løyst på ein betre måte. Det er også artig at Davis har brukt The Ghost Writer (Novisen) av Philip Roth i arbeidet sitt, ettersom romanfiguren Lonoff har Malamud som modell. Eg hugsar eg las denne boka for 25 år sia og tenkte på Malamud, men om det var intuitivt eller om noen hadde sett meg på sporet, hugsar eg ikkje lenger.
Han har vore ein viktig forfattar for meg i over tretti år. Eg har vore innom verka hans med jamne mellomrom, og eg veit ingen som råkar meg sterkare. Det handlar først og fremst om personskildringa, men også om språket. Eg har ikkje lese stort om livet hans før i det siste. Først minneboka dotter hans skreiv – ”My Father is a Book”, og nå denne. Eg sit ikkje att med eit sakn etter å ha møtt han, for han blir teikna med mange sjølvopptatte, pedantiske og smålege trekk, og det kan sjå ut som om han hadde større varme for romanfigurane sine enn for dei han hadde rundt seg.
Bernard Malamud er ikkje av dei heitaste forfattarene for tida, og det er vel lite truleg at tida hans vil komma att her hos oss. Ikkje desto mindre har han fått ein biografi som ikkje mange av yrkesbrørne og –søstrene hans har maken til.
Viser innlegg med etiketten Bernard Malamud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bernard Malamud. Vis alle innlegg
mandag 13. juli 2009
tirsdag 21. april 2009
Bernard Malamud: A New Life
"S. Levin, formerly a drunkard, after a long and tiring transcontinental jorney, got off the train at Marathon, Cascadia, toward evening of the last Sunday in August, 1950." Slik drar Bernard Malamud i gang romanen "The New Life" som kom i 1961.
Jeg kan ikke tenke meg en bedre åpningssetning i en roman, og da jeg hadde lest den, måtte jeg lukke boka for å smake på den, før jeg leste den en gang til, og noen sider i tillegg. En roman på 367 sider må virkelig være god for å matche en slik start, tenkte jeg, og sjøl om den absolutt er lesverdig, er den nok ikke på nivå med åpningen.
Levin går av toget for å tiltre undervisningsstilling på et lite universitet som mest beskjeftiger seg med landbruk og husholdning, i en fiktiv stat som har mye felles med Oregon, der Malamud tilbrakte noen år som lærer og forfatter. Det var bare så vidt han ble tilsatt - han søkte over hele USA og fikk ett tilslag, nærmest tilfeldig, viser det seg. Boka skildrer et år av livet hans, fra han kommer til han reiser igjen. Han er tretti år, har planer og idealer, men klarer dårlig å tilpasse seg kulturen på det lille universitetet som stort sett befolkes av desillusjonerte akademikere og pratmakere uten fotfeste. Når han attpå til er enslig med ønske om å treffe kvinna i sitt liv, og prinsippfast, eller kanskje sta, uten evne til eller ønske om å lytte, bærer det hele riktig galt av sted.
Det er mer komikk i denne romanen enn i de andre Malamud har skrevet. Samtidig griper den meg ikke så sterkt, kanskje rett og slett fordi Levin oppfører seg dummere enn de viktigste personene i de andre bøkene til denne forfatteren. Personene i Medhjelperen, Harry Lesser i The Tenants og Dubin i romanen som bærer navnet hans, gjør det de må gjøre, og de eksistensielle valga som tas, virker viktigere i disse romanene enn i "The New Life".
Uansett - det er trist at romanen ikke er tilgjengelig på norsk, for den går utapå det meste som ble skrevet av romaner i forrige århundre.

Abonner på:
Innlegg (Atom)