Viser innlegg med etiketten Cormac McCarthy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cormac McCarthy. Vis alle innlegg

torsdag 10. juni 2010

Ein av dei verkeleg store romanane.

I påska las eg "The Road" av Cormac McCarthy. Innhaldet er vel kjent, og eg hadde boka ståande lenge før eg tok fatt på ho. Eg tenkte at det var ei svart bok, ein undergangsvisjon.

Det kan hende at dette er ei forteljing som opnar seg veldig ulikt for ulike lesarar. For det er klart, eit nedstøva landskap der folk streifer rundt for å overleve etter ein katastrofe, er ikkje omgivnad for ei solskinnshistorie. Folk møter einannan med frykt og mistru, for dei er alle konkurrentar om det vesle som er att frå samfunnet før katastrofen. Det er nærliggande å lese romanen som ein allegori; alles kamp mot alle på veg mot ein andre undergang, etter at sivilisasjonen er gått under, og så godt som heile menneskeheita med den.

Oppe i dette plasserer McCarthy ein far og ein son som er avhengige av einannan, og elskar einannan og som hjelper einannan. Portretta av desse to er noe av det vakraste eg har lese på år og dag, og det blir dette forholdet som pregar lesinga mi. Varmen mellom desse to er meisterleg skildra og står i motsetnad til forhold ein les om i meir realistisk prosa, der folk slit med relasjonane til dei nærmaste og kjærleik og tillit har dårlege kår.

Så er det kanskje slik, at når sivilisasjonen har brote saman, sikkert på grunn av menneskeleg rovdrift og overmot, har ikkje banda mellom ein mann og sonen hans mye å seia. Og det kan jo hende at det er kontrastverknaden McCarthy er ute etter. Hadde alle tatt slikt ansvar for etterkommarane sine som faren gjør i "The Road", hadde katastrofen vore unngått.

Eg kjenner ikkje til om Cormac McCarthy har ein politisk agenda. Eg trur ikkje han har det; han er nok først og fremst ein forteljar. Eg kunne lese boka som ein undergangsvisjon, men det var den vakre forteljinga om faren og sonen som greip tak i meg, og det var eg ikkje budd på.

Viss eg skulle rekne opp dei finaste lesaropplevingane i livet mitt, vil denne heilt sikkert komma på topp fem.