Viser innlegg med etiketten Simon B. Andrewes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Simon B. Andrewes. Vis alle innlegg

tirsdag 26. mai 2020

75 år og debutant


Det må vera lov å seia at Simon B. Andrewes er noko for seg sjølv. 2. juni blir han 75 år, og han feirar med å debutere som forfattar. Med tre bøker. Ei diktsamling og to prosabøker, som begge tek utgangspunkt i livet til forfattaren. «Memoir» er ein sjanger i engelskspråkleg litteratur, som ikkje er like vanleg i den norske. Og, som vi alle veit, minnet er ein upåliteleg følgjesvenn, så det treng ikkje vera gudsens sanning, alt som står der. Bøkene blir berre publisert digitalt, så den som er avhengig av papir, må skrive ut sjølv. Eg veit ikkje korleis utgjevingsprosessen har vore; om tekstane har vore gjenstand for redaksjonell handsaming eller ikkje, men for å føregripe litt: Bøkene er gode, så berre les dei! (Eg må ta atterhald for den eine prosaboka – «Andrewes with an extra e» – ettersom eg ikkje har lese ho.)

Eg har kjent forfattaren i snart femti år. Eg kjenner han ikkje godt, og vi møtest sjeldan, men vi kjenner einannan godt nok til at han har dedisert eit dikt til meg – ei ære sjølvsagt, men det gjør kanskje noko med habiliteten min. Det er jo eit dilemma, å skulle skrive om bøker som vener har skrive, også i ein marginal publikasjon som denne. Ein vil hjelpe dei til å få lesarar, men ein vil også kunne sjå seg sjølv i spegelen etterpå. Så hadde bøkene vore dårlege, ville ikkje denne teksten blitt skriven.

Eg har lese diktsamlinga Blinded by love or science og memoaren 1969. A Year in a Life. Det er mogeleg å sjå at det er same mann som har skrive bøkene, iallfall når ein veit det . Han har ei audmjuk haldning til stoffet sitt, og til livet òg – det ser ein spesielt godt i prosaboka. Han skaper spenning i dei beste tekstene ved å dra liner mellom det nære og det fjerne, og mellom det handfaste og det vi berre må spekulere over. Og om nokon skulle frykte det: tekstane er ikkje gammalmodige i det heile tatt. 

Blinded by love or science. Det er ein elegant tittel, men kanskje ironisk meint. For forfattaren ser godt nok, og han er undrande, han ser etter samanhengar, og no og da finn han dei òg. Eg blir meir opptatt av det han skriv om vitskapen, det vil seia astronomien og astrofysikken, og det er det som får størst plass i samlinga òg. I vår tid er vi opptatt av klima og miljø; vi har det travelt med å finne løysingar på klimakrisa, slik at barnebarna våre skal kunne få eit like godt liv som det vi har hatt og har. Poeten er ikkje likegyldig til dette, men nysgjerrigheita hans blir meir pirra av korleis universet har vokse fram, og kva det har i vente. Og plutseleg kan han vise lesaren det store i det vesle og finne parallellar mellom det kosmiske og det kvardagslege. Som i The Moon Tonight – eitt av mine favorittar, og eg siterer første del:

The moon tonight, an empty tin plate;
rockets would clatter down like pennies
upon its plain yellow plains.
An acid of ages stains its open face,
each night eating a little more away
of its once proud luminosity,
discolouring it with shadows of decay,
deepening my distress,
the longer I choose or have to look.

I memoarboka skriv han om pop-poetane frå sekstitalet, som Adrian Henry og Roger McGough, og da vi gjekk på folkehøgskule saman, las vi gjerne desse diktarane. Dei er tilbakelente og uttalar seg i ei lun, humoristisk tone, og ei slik tone finn ein hos Simon A òg. Les for eksempel The Adam Syndrome. 

Det er ei mangfaldig diktsamling Simon Andrewes har skrive. Lange dikt, korte dikt, politiske dikt, dikt om maskulinitet, og sjølvsagt dikt om kjærleik og vitskap – dvs om astronomi og liknande. Somme av dei lange tekstane kunne vore stramma opp, for det hender han blir så opptatt av å få fram bodskapen, at det poetiske går tapt. Han kunne også lagt til sides fleire av dei korte, aforistiske tekstane, slik at dei som er verkeleg gode, hadde fått plass til å skine. Nokre få dikt er på rim; han har skrive ein sonett som eg likar veldig godt. Og det eg synest er høgdepunktet i samlinga: To Count the Harmony, som handlar om slottet Alhambra i Granada, Spania, og om det umogelege i å måle opp venleiken og harmonien ein ser der.

1969. A Year in a Life. Det var det året forfattaren fylte 24 år. Han jobba på flyplass, lurte på kva han skulle bruke livet sitt til og korleis han skulle få eit tilfredsstillande kjærleiksliv – dei av oss som er over 24 år, veit nok kva det handlar om. Ute i verda var det uroleg, den gongen som no. Året før gikk sovjetiske troppar inn i Tsjekkoslovakia, og i januar sette Jan Palach fyr på seg sjølv og blei martyr. Dette blei ekstra nært for Simon, som hadde ei venninne frå Praha. Det var krig i Vietnam og konflikt, eller krig, i Nord-Irland. Og kulturelt: Beatles song på siste verset (Simon passerte ei folkemengd i London utan å få med seg at Beatles spelte frå taket på Apple-bygningen), musikalen Hair gjekk for fulle hus, og Doctor Who, som etter det eg veit, aldri slo an her i landet, gjekk på TV. 

Boka er kronologisk ordna. Jakta på kjærleiken går som ein raud tråd, frå norske Britt til kanadiske Nell, og med fleire stasjonar på vegen. Det er lett å kjenne seg att i alt forfattaren må gjennomgå av dilemma, sigrar og nederlag på denne fronten. Simon slit med dårleg sjølvtillit, ikkje først og fremst knytt til maskuliniteten, men han er i tvil om han vil vera i stand til å gjennomføre ei akademisk utdanning. Og innimellom er han opptatt av korleis ein blir eit godt menneske. Hadde han lagt meir vekt på dette siste, kunne teksten fått tydelegare nerve og blitt enda meir spanande.

Engelske prosaistar er ofte ordrike, men utan at det blir tom prat av det. Dette har dei kanskje etter Dickens, som er ein meister til å utbrodere. Simon nyttar også mange ord, og det kler forteljinga. Ho blir sjeldan keisam, sjølv om det frå tid til annan dukkar opp transportetappar som lesaren gjerne går litt kjapt forbi. Eit høgdepunkt er når kameraten Neil underviser Simon i klassisk musikk mens Rolling Stones spelar i Hyde Park, rett i nærleiken. 

Mange av dei som kjem til å lesa denne bloggposten, kjenner Simon og vil frå før vera motiverte til å lesa bøkene hans. Til dei som ikkje kjenner han, vil eg seia at bøkene absolutt er verdt å lesa. Dei er tilgjengelege på smashwords.com, og kostar omtrent det same som ei dagsavis i laussal.