tirsdag 26. mai 2009

Dag og Tid

Eg har lese Dag og Tid i mange år. Eg får avisa i postkassa kvar fredag, og det er ein fin start på helga. Først blar eg opp på spørjeleiken "Klok på bok", og veit eg svaret, slår eg på PCen og sender inn. Viss eg ikkje veit svaret, prøver eg finna det på Internett. Finn eg det, sender eg ikkje inn, og viss eg ikkje finn det, kan det hende eg set meg i sving for å løyse oppgåva på anna vis. Alle som sender inn riktig svar, får namnet sitt i bladet, og ein av dei får i tillegg ei bok i premie. Eg har vunne ein gong, og fekk ein suveren roman i posten: "Kunsten å gå" av Lars Amund Vaage.

For noen år sia melde eg bøker i denne avisa. Eg kjende meg priviligert over å kunne skrive om bøker i ei avis som tar litteraturen på alvor i så stor grad, utan å sneie borti jåleri i det heile tatt. Og eg hadde fast arbeid, da som nå, så det var ikkje så farleg om det var dårleg betalt. Det er ei spesiell glede å skrive om bøker ein verkeleg likar, som ein kanskje kan inspirere andre til å lesa. Som desse: Rohinton Mistry: Balansekunst, Bruce Chatwin: Drømmespor, Richard Ford: Kvinner med menn og Paul Auster: Ensomhetens grunn.

Eg skreiv først og fremst om omsette bøker for vaksne og norske bøker for barn og unge. I tillegg til dei som er nemnt over, fekk eg høve til å tilrå desse: David Malouf: Samtaler ved Curlow Creek, Tahar ben Jelloun: Den gale natten og Fattigherberget, Mario Vargas Llosa: Rigobertas notatbøker, José Saramago: Alle navnene og Vikram Seth: En egen musikk.

Det er ikkje så mange av ungdomsbokmeldingane som er å finna på nettet - eg klarte berre å finna denne: Erna Osland: Salamanderryttaren.

Av dei norske bøkene eg blei beden om å melde, blei eg begeistra for bl. a. denne: Bjørn Skogmo: Han byttet meg bort med en Studebaker, mens eg kunne styre meg for desse: Anne B. Ragde: Bunnforhold og Jeg vinket ikke, jeg druknet. Og denne skulle eg helst styrt heilt unna: Gunnar Kopperud: Lysets tid.

Når ein melder bøker, hender det ein finn at ein er i utakt med kollegene. Eg blei litt urolig av dette. Det kunne jo hende det ville vise seg at eg tabba meg ut, og at ettertida ville dømme meg som ein håplaus dilettant som ikkje forsto meg på stor litteratur. Eg tenkjer på desse to: Jens Christian Grøndahl: Lucca og Jonathan Franzen: Korrigeringer.

Etter ei tid fekk eg ikkje fleire bøker å skrive om, utan at noen fortalte meg kvifor. Det kan jo hende at artiklane mine ikkje heldt mål, men eg fekk aldri noen i retur, og ingen klaga. Så eg veit fortsatt ikkje kvifor eg ikkje melder bøker i Dag og Tid. Den som har tatt seg bryet med å klikke på linkane over, har kanskje funne det ut. Eg har lurt litt på om eg skal ta hemn, f. eks. ved å legga ut svara på "Klok på bok" her på bloggen, men eg er korkje sår nok eller hemngjerrig nok.




2 kommentarer:

  1. Jeg er ihuga J.C. Grøndahl-fan. Så nå ble jeg nyskjerrig. Kan du utdype?

    SvarSlett
  2. Det trur jeg kanskje ikke jeg kan, snart ti år etter at jeg leste boka. Men det er meninga anmeldelsen skal komme til syne når en trykker på lenken....

    SvarSlett