søndag 11. mars 2018

Tante Ulrikkes vei


Zeshan Shakar fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Tante Ulrikkes vei», og det gler meg stort. Det er mange år sida det kom inn ein så vesentleg debutant på den heimlege litterære scena. Romanen har fått svært gode kritikkar, og ramma for handlinga er vel kjend for dei som følgjer med i norsk litteratur. Ein NOVA-forskar studerer ungdomsmiljøet på Stovner, og det er forteljingane frå to av informantane som utgjer romanen. Den eine, Mohammed, kjem frå ein ambisiøs familie, og han har eit godt utgangspunkt for ein akademisk karriere. Den andre, Jamal, har det svært vanskeleg heime og har mykje han må meistre her. For han blir skolen eit forstyrrande element i staden for eit viktig steg på vegen mot eit trygt og stabilt vaksenliv. 

Shakar skildrar gutane på overtydande vis, men det er ikkje skildringa aleine som gjør romanen så god. Han skriv om dei på ein måte som gjør at dei framstår som handlekraftige, ansvarlige individ, rett nok ikkje alltid innafor dei rammene som blir trekte opp for dei av samfunnet. Spesielt når det gjeld Jamal, er dette godt gjort. Ei overflatisk framstilling av livet til denne guten, kunne lett synt han fram som eit offer, men da ville vi ikkje fått ein så potent roman. Det må seiast at livet til Mohammed heller ikkje går på skinner, og i framstillinga av denne karakteren, får Shakar fint fram kva dilemma ein står i når ein hører til i ein minoritetskultur og samstundes skal lykkast på fleirtalets vilkår. 

Eg har eit heilt arbeidsliv bak meg i grunnskolen, og eg har møtt både Mohammed og Jamal fleire gonger. Både maskuline og feminine utgåver, og dei har ikkje alle vore muslimske innvandrarar heller. I desse dagar snakkast det mykje om tilstanden i dei skolane i Oslo der det er fleirtal elevar med innvandrarbakgrunn, mange utan særleg motivasjon for skolearbeid. Eg veit det er ein klisjé, men seier likevel at «Tante Ulrikkes vei» hadde eigna seg for samtale og refleksjon for alle som arbeider med barn og unge; særleg dei som står i fare for å bli nærsynte etter å ha mislukkast i å lære bort norsk og matematikk til unge menneske med store utfordringar i liva sine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar