Göran Sonnevi er ein av dei viktigaste
poetane i Norden. Han blei fødd i 1939 og debuterte i 1961. I dei 56 åra som er
gått etter debuten, har han ein jamn produksjon – den siste boka – «Sekvenser
mot Omega» kom no i vår. Etter omtalane å dømme kan det sjå ut som om denne
boka har mye til felles med den førre, som eg har brukt like lang tid på å lesa
som diktaren har brukt på å skrive ei ny, og som eg seier litt om under.
Det første eg las av Sonnevi, var det mest
kjende diktet hans – «Om kriget i Vietnam». Det best kjende politiske diktet i
heile den svenske litteraturen, er det mange som meiner. Gjennom åra har eg
stadig lese dikta hans; både måten han reflekterer på og temaa han skriv om,
har stimulert meg og hjelpt meg til å tenkje. Det kan sjå ut som om han ønskjer
å femne heile tilveret i diktinga si; natur og kultur, kvardag og politikk,
fortid og framtid, liv og død. Og han lykkast ofte. Dikta hans er ofte omfangsrike;
det siste diktet i boka som kom for fem år sia, strekkjer seg over vel 400 av
dei 803 sidene boka omfattar. «Bok utan namn» heiter samlinga, som består av så
vel nyskrivne som eldre dikt, i tråd med det som er vanleg hos Sonnevi. Han
diktar i eininga, og dikta får ligga til han finne den rette samanhengen å gi
dei ut i.
«Disparate sin nombre» heiter det lange
diktet som avsluttar boka. «Namnlaust nonsens», men slett ikkje nonsens. Det
kan sjå ut som om han varmar opp i den første halvdelen av samlinga, ikkje på
den måten at dikta er lettbeinte, men tematikken er stort sett den same. Det er
berre det at han treng det heilt store formatet for å binde det heile saman.
Viss ein skal finne noko som skil dette diktet frå tidlegare produksjon, er det
kanskje at diktaren har levd så lenge som kunstnar, offentleg person og
medmenneske, og han har eit sterkare dødsmedvit enn tidlegare. Han var 73 da
boka kom, og døden trengjer seg på. Han skriv om kollegaer og vener som blir
borte; delar av diktet har litt dagbokspreg med avlidne kjenningar i sentrum.
Birgitta Trotzig var ein nær ven og er den som blir oftast nemnd.
Ut frå det han skriv i opningsdiktet, er
det kjærleiken til ho han har delt livet med, som gir perspektiv til alle
tankane, formuleringane og standpunkta som følgjer vidare i boka. Han flytter
seg til Koster, året er 2006, og alt da kjem døden inn som eit sentralt tema.
Og han reflekterer mykje rundt den politiske situasjonen i verda, først og
fremst krig/ fred-problematikk.
Diktet om krigen i Vietnam blei publisert
i 1965. «USA’s vidrige krig» skreiv han den gongen. 41 år seinare seier han at
«det var en seger över Imperiet. Men
inte en seger för de levande människorna”. I denne boka kjem han ofte inn på
krigen i Midtausten, diverre utan å ville ta standpunkt mot den israelske aggressoren. Han kan verke
overopptatt av den israelske offiseren Gilad Shalit, som blei teken til fange
av palestinarane og seinare utveksla mot ei stor gruppe palestinske fangar. For
meg skjemmar dette dikta. Eg kan også bli litt irritert over at han stadig
verkar litt rein og feilfri når han snakkar, men eg ser at dette kan ha vel så
mykje med lesaren å gjøra, som med diktaren.
Oppsummert kan ein seia at Sonnevi kan
lesast som ein diktar som er på parti med livet, mot døden, men som samtidig
ser at døden ikkje er til å unngå. Han skildrar livets mange fasettar, og han
er god å lesa og stimulerande å følgje, men det er nok ein føresetnad at
lesaren arbeider seg inn i ein slags Sonnevi-modus. Han må vera viljug til å
følgje dei lange linene til diktaren, ta ytringane for det dei er utan å leite
bakom orda. Som sagt hadde eg ønskt meg at han kunne skilje klarare mellom det
rettferdige og det urettferdige når han skriv om politiske tema, men slik han
skriv, er det mogeleg å seia han imot og følgje tankestraumen vidare.
Slik skriv han om
livet og døden:
Vi transcenderar
oavbrutet Transcenderas in i döden Vi bärs av den entropiska energin In i allt högre ordningar Innan vi utplånas
Så är vi unika individer, personligheter
Som heller aldrig ska återvända.
Göran Sonnevi: Bok utan namn. 2012
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar