fredag 28. juli 2017

Litteratur för amatörer - ein god nabo skriv om bøker.



Kommentar 2017: Bokmelding frå Klassekampen våren 2013. Eg blei veldig begeistra over denne boka, både fordi ho inneheld gode tekstar, og fordi ho stimulerer til lesing av svenske forfattarar som ein kanskje ikkje kjenner så godt hos oss. I ettertid har eg hatt spesiell glede av å lesa dei siste diktsamlingane til Karl Vennberg, som eg sikkert vil komma tilbake til.

Agneta Pleijel. Eit sentralt namn i svensk etterkrigslitteratur, både som romanforfattar, lyrikar, kritikar og essayist. Redaktør for Ord & Bild. Kultursjef i Aftonbladet. Leiar for den svenske PEN-klubben. Fleire av verka hennar er omsett til norsk; likevel har ho ikkje fått mye merksemd her til lands. I fjor gav ho ut ei samling tekstar om litteratur, den eldste skriven i 1965, mens dei ferskaste er frå 2011. Bokmeldingar og essay om einannan, sett inn i ei ramme der forfattaren ser tilbake, samtidig som ho demonstrerer synet sitt på litteratur og nå og da også på politikk. Ingenting verkar gammalt. Alt er aktuelt.

«Litteratur för amatörer» heiter samlinga. Amatørar sjølvsagt i den opphavlege tydinga av ordet, og det har med kjærleik å gjøra. Pleijel er ein slik amatør sjølv òg, og det viser ho i alt ho skriv i denne boka. Samtidig uttrykker ho seg på eit så uakademisk vis at ein slett ikkje må vera spesialist for å ha glede av artiklane. Eg har ikkje lese mange bøker om bøker eg har likt betre enn denne.

Det handlar mest om svensk litteratur, både dikt og prosa. Ho startar friskt med Bengt Emil Johnson, konkretist frå sekstitalet som gav ut lyddikt – «Gubbdrunkning» og «Släpkoppel från vida världen», og endar med ein lang seksjon om ei av heltinnene sine: Birgitta Trotzig, som eg har fått det travelt med å lesa. Tranströmer skriv ho langt og inspirert om, og ho er fleire gonger innom Karl Vennberg. Ho får ein aldrande norsk mannleg lesar til å fatte interesse for Anna Maria Lenngren og Fredrika Bremer, spesielt Lenngren, som var ein samtidig av Bellman, og som svenske litteratar har lese og skrive om, utan å få med seg ironien i tekstane hennar. Pleijel skreiv om henne i 1977, i «Författarnas litteraturhistoria». Teksten er like frisk i dag, og ein av dei mest engasjerande i boka. Så skriv ho om Verner von Heidenstam og Erik Axel Karlfeldt under tittelen «Innsyn hos herrarna». To diktarar frå 1800-talet som dei fleste feministar ville fryda seg over å plukke fjøra av. Men ikkje Pleijel. Det er aldri tvil om kor ho står i kjønnskampen, men ho les desse to som barn av si tid og turnerer dei slik ein turnerer eldre skyldfolk som ein er glad i og ser forsonlege trekk hos, gjennom dei håplause synspunkta dei med brask og bram legg for dagen. Stort sett er det kjente namn ho skriv om, men Kjell Johansson har passert under radaren min. Ein forfattar i same segment som vår eiga Britt Karin Larsen; naturlegvis interessant.

Når Pleijel flytter seg ut av Sverige, går ho helst til Aust-Europa. Bl.a. Milosz, Herbert og Gombrowicz. Og eit vestleg unntak: Susan Sontag. Sentrale intellektuelle forfattarar i vår tid, med eit stort alvor som gjør oss klokare.

Pleijel har levd eit langt liv med lesing og skriving, sentralt plassert i litterære krinsar. Rammene rundt artiklane har ein snev av memoar; og ho fortel om seg sjølv som nyfiken, men med masse ærefrykt og respekt for dei eldre forfattarane ho skriv om. Også som syttiåring har ho desse eigenskapane, og summen av audmjuke haldningar, omfattande kunnskapar og stor skrivekunst, blir ei sjeldan skattkiste. 


Agneta Pleijel, Litteratur för amatörer. 347 sider
Stockholm, Norstedts, 2012



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar