tirsdag 26. mai 2020

Arvid Torgeir Lie


Arvid Torgeir Lie er død, les eg på Facebook. Eg har ikkje sett det i avisene, eller høyrt om det i radio og TV, men det kan hende eg har følgt dårleg med. Han hadde nok sine litterære glansdagar på syttitalet, og det er mange av dei som vel ut stoff til media, som ikkje kunne lesa på den tida. Han blei 81 år gammal.

Det er ikkje mange diktsamlingar eg har opna oftare enn «Skrive og tenke» som kom i 1971. Her er det dikt med tema frå livet til arbeidsfolk, både arbeid og fest, det er politiske dikt (Forandringa går omkring overalt og er ikkje til å stoppe) og det er dikt med jenter i. Men når han no er borte, er det eit dikt som ber om å bli sitert, og det står i «Sol og sekund» som kom to år seinare. Det heiter «Mor død».

Mor død.
Kvit stake.
Ein tårefylt mur kring mor.
Vi prøvar mangt i denne stund,
men kjem ikkje langt,
ser bare det store framom oss,
nøyer oss med det,
og det er nok.
Over: sola i sin bane,
under: mor i sin bane.
Hurra. Det kan vi vel ikkje sei.
Hurra mor.

No er Arvid Torgeir Lie i sin bane. Hurra Arvid Torgeir Lie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar