Kan
ein bruke ei slik overskrift på ein tekst om ei bok som heiter «Mjøsa rundt med
mor»? Ja, når ein skriv utan redaktør,
så kan ein det, sjølv om Travis i filmen til Wim Wenders er på leiting, medan
forfattar Bjørn Hatterud har funne det meste av det han leiter etter. Han skal
på tur, først og fremst for å stadfeste. Og det er kanskje ikkje Ry Cooder som
har soundtracket – det vil seia: Det kan han godt ha, men det må vera plass for
trekkspel.
Denne
boka kan seiast å vera andre bind av memoarane til den 42 år gamle forfattaren.
«Mot normalt» kom for halvtanna år sia, og mykje av det han skriv om i den nye
boka, kan vi lesa om også der. Slik forteljinga er lagt opp, er det ikkje til å
unngå at han gjentek seg sjølv i ei viss mon. Han vev si eiga historie og
historia til slekta si inn i skildringa av grenda Byflaten, der han voks opp
(to kilometer unna barndomsheimen min), av Veldrebygda og av Ringsaker kommune,
først og fremst Sjusjøen, der familien har hytte, og der velstandsutviklinga
har kasta om på samfunnet. På s. 33 seier han det slik: «Livet vi lever, har minst to lag rundt seg. Det fyrste er kroppen. Det
andre er romma vi ferdast i, enten dei er heimen, familien, arbeidet, den
geografiske plassen eller reisemålet. Livsforteljinga vår er flettverket av
desse to faktorane.» For ein veldring er området han skildrar, spesielt,
men det er ikkje meir spesielt enn at folk med røter andre stader, vil kunne
relatere til det.
Det
handlar om identitet. Hatterud er veldring i n`te generasjon, skyldt halve
bygda, men lagnaden – eller slumpen – gjorde outsider av han. Med færre
personlege ressursar og mindre støtte frå dei næraste, kunne det gått riktig
dårleg. Men det har gått riktig bra, og han delar raust av erfaringar og
refleksjonar.
Boka
er på 219 sider, og Hatterud og mora er ikkje ute av Ringsaker kommune før på
side 160. Eg, som er sambygding kan sjølvsagt seia at dette er klok prioritering,
men den som er ute etter ei bruksbok for å hjelpe seg til å gjøre ein liknande
tur rundt den største innsjøen i landet, bør altså finna noko anna. Men det er
mye å ta med seg for den som vil vita meir om oppvekst i bygde-Noreg på åtti og
nittitalet og som kan tenkje seg å sjå dette med eit skeivare blikk enn det ein
til vanleg gjør. Det er ei lett og til tider humoristisk tone i boka, sjølv om
det er til dels tunge tema som blir handsama. Sarkastisk er han berre når han
skriv om den økonomiske eliten som breier seg med fine bilar i
Ringsakerfjellet. Han nyttar små ord om dei som mobba han og om skuleleiinga
som ikkje greip inn; han går oppreist og kan sjå stort på ting. Og han, som er
støymusikar når han ikkje er kurator eller forfattar, gir Ole Ivars det beste
skussmål.
Eg
har dobbel glede av å lesa Bjørn Hatterud. Ved sida av at han skriv godt, skriv
han om min barndoms landskap, og det er mykje eg kan kjenne meg att i, sjølv om
eg høyrer til same generasjon som foreldra hans og hadde reist min veg før han
vart født. Og opplevinga av eksil kjenner eg óg på, ti mils veg unna.
Hedmarking, brumunddøl, det går ikkje over. Men lengten er til å leva med.
Dessutan har eg jo stor respekt for han og for kampen han har kjempa. Mora har
vore den viktigaste støtta hans. Ho fortener ein biltur rundt Mjøsa.
Om det lar seg gjøre å legge inn kommentar, avhenger av hvilken nettleser en bruker. Det fungerer tydeligvis ikke med Safari, men det skal gå med Chrome. Denne kommentaren er lagt inn med Firefox.
SvarSlettDette er en test for å se om det lar seg gjøre å legge inn kommentar i Internet Explorer
SvarSlettFint å lese, Steinar.
SvarSlett