tirsdag 12. mai 2020

Litterær godtepose


«Dan Turèll var vild med Clifford Brown». Når ei bok får ein tittel som denne, er det ikkje naudsynt å drive reklame – ikkje for å nå lesarar som meg, iallfall. For at ingen skal falle av lasset: Turèll var ein dansk kulturpersonlegdom som levde frå 1946 til 1993. Han er nok best kjent for krimromanane sine, men burde vore best kjent for poesien. Clifford Brown var amerikansk jazztrompetist. Han blei født i 1930 og blei berre 25 år gammal. Dan Turèll var veldig begeistra for han. Og Asger Schnack er begeistra for begge, og for fleire til. Boka ser ut til å vera skriven for at andre skal bli smitta, og han lykkast godt med denne lesaren.

Boka har fått sjangernemninga «oppdateringar». Ein utbreidd sjanger i vår tid, og tekstane er faktisk henta frå Facebook. Som Dan Turèll er Schnack er ein sentral person i dansk litteratur – kanskje ein slags yngre bror. Og av alle han skriv om i boka, er Turèll den som får mest plass. Men vi får møte fleire sentrale danske diktarar frå vår tid: F. P. Jac, Inger Christensen, Marianne Larsen og Jørgen Gustava Brandt, for å nemne nokre. Han er også innom den norske bokheimen. Mellom anna presenterer han alle diktsamlingane til Rolf Jacobsen, og han syner respekt for Kjell Heggelund. (To hamarsingar!) Det er meir jazz her enn berre Clifford Brown. Og rock. Og mykje Bob Dylan! Han skriv om seg sjølv òg, men han breier seg ikkje. Det er jo orda hans som presenterer venene og heltane hans.

Denne boka er den første eg har lese av Schnack. Men eg hugsar dikta hans frå 40 år og vel så det attende. Frå Vinduet og Basar på syttitalet – desse rause litterære tidsskrifta som også gjerne trykte tekstar på dei andre skandinaviske språka. Og frå skattekista Café Existens, som kom ut i Sverige på åttitalet. 

«Dan Turèll var vild med Clifford Brown». Eg blei så glad av å lese denne boka, og den litterære appetitten min, som er i nærleiken av oksehunger frå før, blei endå meir stimulert. Dessutan skjer det så mye i den litterære verda, at det er vanskelig å halde følgje. Da kan det vera godt å lesa ei bok som appellerer til det nostalgiske, samtidig som ein får nye impulsar. Tekstane er korte, mange er anekdotiske, og han siterer dikt i mengdevis. Boka kom på forlaget Fuglekøjen i 2014, og ho er framleis i handelen, viss ein leiter litt.

Heilt til slutt, ein tekst frå denne litterære godteposen, for at dei som les dette, skal få smatte litt på stilen:
«Okay, jeg er vild med, når Bob Dylan spiller mundharmonika, jeg er ikke anderledes enn andre mennesker. Jeg er naturligvis vild med, når han spiller guitar (som min gamle ven, guitarbyggeren, sagde: Der er muligvis nogle, der spiller lige så godt som Bob Dylan, men der er ingen, der spiller bedre). Jeg er ikke idiot, jeg ved godt, hvad guitaren betyder. Men pludselig slår det mig, at dér, hvor jeg bliver mest bevæget, vistnok er, når han spiller klaver. Det er det, der gør New Morning til noget særligt – og det er det, der gør ”Blind Willie McTell” til hans bedste sang (motsig mig nu ikke, om lidt er det en anden).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar