torsdag 1. november 2018

Ein brumunddøl (og ein til).


Det skjer ikkje stort på denne bloggen min, trass i at eg hadde ambisjonar om å ause tankar om litterære tema ut over dei få følgjarane mine og dei eg i tillegg kunne nå på Facebook. Den låge aktiviteten heng kanskje saman med latskap, men det er også slik, at det er så store mengder tekst tilgjengeleg i aviser og på nettstader, så mye ein kan høyre på radio og i podcastar og så mye ein kan sjå på TV, at ei låg stemme på ein bortgjømt nettstad kan verke overflødig.

Når eg no likevel melder meg, er det fordi eg vil medverke til at ein sambygding blir synleg. Eller – meir synleg får eg seia, for Bjørn Hatterud har vist seg fram på mange arenaer den siste tida. Som skribent i fleire sjangrar, som kurator for spennande kunstprosjekt og som støyande musikar. No har han kome med den første boka si: «Mot normalt».

Første gongen eg var borti han, var da han hadde skrive ein tekst om råning – eg trur det var i Samtiden. Eg festa meg ved kombinasjonen av refleksjon og humor, og ved namnet. Han måtte jo vera brumunddøl, for folk flyg ikkje rundt over alt i Noregs land og heiter Hatterud. Det stadfesta han seinare, i ein artikkel i Ny Tid, der han fortalde om ungdomstida si, som funksjonshemma homofil brumunddøl med kulturelle interesser. Det var veldig vondt å lesa, sikkert ekstra vondt for ein som sjølv er frå Brumunddal og som fortsatt kjenner seg som brumunddøl sjølv om han skifta postadresse alt i 1971. Eg tok kontakt med han og har følgd han på Facebook frå da av.

Den vesle flisa av ei bok som han no har gitt ut på Samlaget, er ein sjølvbiografi. Han skriv om familien sin og om livet sitt, heilt frå den dramatiske fødselen. Det handlar blant anna om ryggmergsbrokk, klumpfot, overvekt og dårleg syn. Og om ein bråmoden, homofil unggut som blir mobba. Men lesaren møter ikkje ein sjølvmedlidande forteljar; han skildrar plagene og utfordringane i ei nøktern, til tider nesten humoristisk, tone. 

Bjørn Hatterud kjem frå småkårsfolk, og dette pregar framstillinga. Han er beiskare når han fortel om klasseskilnader enn når han skriv om eigne plagar. Samtidig skriv han om sine næraste med respekt, varme og takksemd. Hos denne lesaren sit dette like sterkt att etter lesinga, som alt det som er opprørande. Og ikkje minst: Boka endar godt, med kjærleik, karriere og Yoko Ono! Og Hatterud har fortsatt livet framfor seg.

Hatterud var ung på nittitalet, på den tida da Brumunddal fekk mye negativ omtale på grunn av at valdelege rasistar herja med innvandrarar. Eg var vaksen brumunddøl i eksil på Romerike og måtte tole at folk assosierte heimstaden min med hendingar og haldningar som eg alltid har hatt sterk motvilje mot. Og når eg les «Mot normalt» kan eg ikkje la vera å tenkje tilbake på eigen oppvekst, 25 år tidlegare. Eg var òg ein raring frå ein enkel heim; sjukeleg, overbeskytta og intellektuell. Men eg var tynn, beina var like lange, og eg likte jenter. Det hende eg blei plaga, men aksepten og varmen i den andre vektskåla vog mye tyngre. Så eg hadde det lett, men kan likevel kjenne meg att.

I siste kapittel siterer Hatterud mor si, som seier at utan funksjonshemmingane, ville han kanskje blitt igjen i Brumunddal og jobba på posten. Akkurat det trur eg ikkje noe på. Utan funksjonshemmingane ville han fått et enklare liv, men eit multitalent som han, ville nok funne plassen sin uansett. Men det er blitt ei viktig bok av det, og eg håper ho blir spreidd i stort omfang, først og fremst i Brumunddal, men ikkje berre der.

søndag 11. mars 2018

Tante Ulrikkes vei


Zeshan Shakar fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for «Tante Ulrikkes vei», og det gler meg stort. Det er mange år sida det kom inn ein så vesentleg debutant på den heimlege litterære scena. Romanen har fått svært gode kritikkar, og ramma for handlinga er vel kjend for dei som følgjer med i norsk litteratur. Ein NOVA-forskar studerer ungdomsmiljøet på Stovner, og det er forteljingane frå to av informantane som utgjer romanen. Den eine, Mohammed, kjem frå ein ambisiøs familie, og han har eit godt utgangspunkt for ein akademisk karriere. Den andre, Jamal, har det svært vanskeleg heime og har mykje han må meistre her. For han blir skolen eit forstyrrande element i staden for eit viktig steg på vegen mot eit trygt og stabilt vaksenliv. 

Shakar skildrar gutane på overtydande vis, men det er ikkje skildringa aleine som gjør romanen så god. Han skriv om dei på ein måte som gjør at dei framstår som handlekraftige, ansvarlige individ, rett nok ikkje alltid innafor dei rammene som blir trekte opp for dei av samfunnet. Spesielt når det gjeld Jamal, er dette godt gjort. Ei overflatisk framstilling av livet til denne guten, kunne lett synt han fram som eit offer, men da ville vi ikkje fått ein så potent roman. Det må seiast at livet til Mohammed heller ikkje går på skinner, og i framstillinga av denne karakteren, får Shakar fint fram kva dilemma ein står i når ein hører til i ein minoritetskultur og samstundes skal lykkast på fleirtalets vilkår. 

Eg har eit heilt arbeidsliv bak meg i grunnskolen, og eg har møtt både Mohammed og Jamal fleire gonger. Både maskuline og feminine utgåver, og dei har ikkje alle vore muslimske innvandrarar heller. I desse dagar snakkast det mykje om tilstanden i dei skolane i Oslo der det er fleirtal elevar med innvandrarbakgrunn, mange utan særleg motivasjon for skolearbeid. Eg veit det er ein klisjé, men seier likevel at «Tante Ulrikkes vei» hadde eigna seg for samtale og refleksjon for alle som arbeider med barn og unge; særleg dei som står i fare for å bli nærsynte etter å ha mislukkast i å lære bort norsk og matematikk til unge menneske med store utfordringar i liva sine.

Fleire menn som ingen treng


«Sjøl har jeg alltid vært ei kjerring, alltid gjort de riktige tinga» seier ein av karakterane i novellesamlinga «Jeg har hørt det er fint der», av Tom Ingar Eliassen – den andre samlinga til denne forfattaren. Hos ein annan heiter det: «Jeg har ofte vært altfor tilbakeholden i livet, ikke grepet øyeblikkene». Desse to er blant dei heldigare stilte vi møter i dei tretten novellene. Dei fleste karakterane er på kollisjonskurs med lagnaden, og dei som i det heile tatt taklar det, taklar det ikkje alltid på ein god måte. 
 
I 2016 gav Frode Grytten ut novellesamlinga «Menn som ingen treng», og denne tittelen kunne passa på boka til Eliassen óg. I tolv av tekstane er det menn som står i sentrum; den trettande handlar om ei kvinne som er blitt forlaten av ektemann og son. Etter det har ho slått seg saman med ein forfylla og labil mann, og når handlinga tilspissar seg mot slutten, seier ho at dei kan stikke til Syden, for ho «har hørt det er fint der». Blant dei mennene vi elles møter, er fleire arbeidslause eller har jobbar dei ikkje meistrar; dei er ute av stand til å stille opp for kvinnene sine; dei er håna av sambygdingar eller dei har meldt seg ut av fellesskapet og lever i si eiga verd. Med nokre unntak.

Tom Ingar Eliassen er flink til å byggje opp ei novelle. Han porsjonerer ut informasjon i passelege mengder og til rett tid, og i dei fleste tekstane blir ikkje all underteksten avslørt; det står gjerne att litt som lesaren får å undre seg over. Eg likar også måten han har det med å avrunde på – novellene endar som regel opp i ein vaklande balanse som står godt til innhaldet.

For denne lesaren er det to noveller i samlinga, som stikk seg positivt ut. Den lengste teksten i boka – «Blue Hawaii», og «Hvor ligger Halvorsen?». I begge desse novellene slepper forfattaren karakterane laus på einannan i eit slags kammerspel – dialogane flyt godt, og til tider dirrar det, trass i at det kan vera vel aparte tema for samtalane. I den første teksten møter vi to ektepar som møtest til middag. Gjestene er underdogs; han er utan arbeid, og dei strever for å takle at ho ikkje kan få barn. Verten har nett fått ny jobb; han har dobla løna si og skal markere seg ved å servere Kobe-biff som han skal steike på ein grill han ikkje får tent. Hovudpersonen i den andre kjem heim til bygda der han vaks opp og oppsøkjer gamlekjærasten sin, og dei tenkjer tilbake til ei dramatisk ulukke som skjedde medan dei var saman.

«Jeg har hørt det er fint der», er ei ujamn bok. Hadde Eliassen luka ut dei svakaste tekstane, ville han endt opp med ei heiderleg novellesamling. Det ser ut for meg som om han somme stader er inspirert av Beckett eller Askildsen, men at han kanskje ikkje har fordøya inspirasjonen godt nok. Andre stader opererer han i grenselandet mellom fantasi, flukt og røyndom. Han tek han heilt ut i «Pleasure Island», og får det til. Når det ikkje går like bra med somme av dei andre tekstane, lurer eg på om det kan ha å gjera med at sujetta er for ubetydelege; at han har gitt seg sjølv for lite å jobbe med.

Synsvinkel og språk: I åtte av novellene er synsvinkelen hos hovudpersonen, mens han nyttar tredje person i dei fem siste. Språktona varierer mellom eit munnleg prega, radikalt bokmål og konservativt riksmål. Det kan sjå ut til at forfattaren nyttar språket til å karakterisere personar og miljø; at jo eldre personar det dreier seg om, desto meir gammaldags blir tona. Ettersom dette ikkje er konsekvent, kan en også tenkje seg at han ikkje har funne si særeigne stemme. Men ein kunstnar har lov til å vera på veg, og det er Eliassen definitivt.

mandag 19. februar 2018

Kunstig intelligens - ei stor utfordring.


Max Tegmark, amerikansk professor i fysikk og av svensk opphav, har skrevet ei bok om det han kaller den viktigste samtalen i vår tid. Boka heiter «Life 3.0» og har som undertittel «Life in the Age of Artificial Intelligence».

Life 3.0 er det teknologiske stadiet i utviklinga av liv. Det første stadiet (1.0)var biologisk; det vil si at utviklinga gikk automatisk, uten innslag av bevissthet. På et tidspunkt utvikla det seg mer avanserte livsformer, og vi kom inn i stadium 2.0 – det kulturelle. De høyeste livsformene på koden ble i stand til å gjøre valg og ta styring over utviklinga, men innafor de begrensningene som den menneskelige hjernen gir. I boka drøfter Tegmark om en i framtida vil komme forbi disse begrensningene; om en kan se for seg en intelligens som overgår kapasiteten til den menneskelige hjernen. Han drøfter muligheter og farer og kommer inn på viktige dilemmaer knytta til denne utviklinga. For å presisere: Det handler om kunstig, universell intelligens. Det finnes jo allerede kunstig intelligens med begrensa kapasitet – sjakkcomputere, for eksempel. Utfordringene er knytta til kunstig intelligens som forholder seg til alt den menneskelige hjernen forholder seg til, med en kapasitet som er større enn denne.

Tegmark definerer intelligens som «evnen til å nå komplekse mål», og han legger fram matematiske bevis og erfaringsbevis for at intelligens kan eksistere og utvikle seg på ulike fysiske underlag; altså ikke bare i den menneskelige hjerne. Han viser til et eldgammelt kinesisk strategispill som heter Go, der et konstruert program har lært seg å slå alle de beste menneskelige spillerne. De av oss som ikke har spesielt gode sjakkferdigheter, kan jo bare forsøke å hamle opp med en sjakkcomputer. Vi ler av løsninger som Google Translate kommer fram til, men det er en tjeneste som blir stadig bedre til å generere setninger på egenhånd, uten at det sitter mennesker og detaljstyrer.

Tegmark er en framstående fysiker, og han samarbeider tett med kolleger som også arbeider med problemstillinger knytta til kunstig, universell intelligens. Han er ikke i tvil om at slik intelligens vil overgå den menneskelige, uten at han har sterke meninger om hvor raskt dette vil komme. Intelligent liv oppsto som en forlengelse av ikke intelligent liv. I vårt arbeid med å forbedre livsvilkåra våre, har vi kommet langt i arbeidet med å automatisere og digitalisere. Neste skritt er maskiner som skaper nye og mer avanserte maskiner.

Hva innebærer dette for oss? Fra litteraturen og ikke minst filmen, kjenner vi ondskapsfulle roboter og gale vitenskapsmenn som vil ta over verden ved hjelp av avanserte innretninger. Hvordan kan vi sikre oss at en kunstig intelligens som er i stand til å forholde seg til alt, eller nesten alt, som hjernen vår forholder seg til, og som prosesserer mye raskere enn mennesket er i stand til, vil fungere på en etisk god måte? Hva slags framtid har mennesket, hvis de fleste praktiske funksjoner blir ivaretatt av kunstig intelligens. Kan en tenke seg at utviklinga av verden, lagt i hendene på kunstig intelligens, vil kunne overstyre den menneskelige viljen når denne går på tvers av det som bra for fellesskapet – først og fremst i spørsmål som gjelder klimaet. Vil en endelig oppnå likhet for loven, hvis det er kunstig intelligens som står for lovanvendelsen? Forfatteren viser til en undersøkelse som forteller at dommere opptrer vesentlig mildere rett etter frokost, enn like før lunsj.

Tegmark vier et kapittel til det virkelig lange perspektivet. Han skriver om energiproduksjon og viser hvor lite energi som faktisk skapes når masse omdannes. Når vi fordøyer ei sjokoladeplate, utnytter vi 0,00000001% av den kapasiteten som finnes i henhold til fysikkens lover. Tilsvarende: når en brenner kull, utnyttes 0,00000003% og når bensin forbrennes, utnyttes 0,00000005%. Klarer en å utnytte energikilder i verdensrommet er en oppe i en helt annen effektivitet. Forfatteren har tanker om hvordan dette kan foregå, men pr. i dag er det uoverstigelig avstand mellom det som kan være ønskelig og det som er mulig. Hvis disse mulighetene skal kunne realiseres, må en først utnytte kapasiteten som ligger i datamaskiner, til fulle. Også der er det mye å gå på, og hvis jeg forstår Tegmark rett, er vi avhengig av avansert kunstig intelligens for å kunne nå slike mål i ei fjern framtid.

Sjøl er jeg sivilisasjonspessimist. Menneskenes kortsiktige handlinger i flere århundrer, verst i vår sivilisasjon og i vår tid, fører til at kloden er i ferd med å kvitte seg med oss. Utviklinga av kunstig, altomfattende intelligens, kan kanskje vekke et håp, i og med de mulighetene som skapes for å finne avanserte, tekniske løsninger. Men det er mange dilemmaer som skal løses – ikke minst det velkjente som handler om hvem som skal ha kontroll over slike krefter, og hvordan en skal gardere seg mot at avansert kunstig intelligens blir en maktfaktor som kan konkurrere med, og vinne over, menneskene.

Dette siste høres litt overspent ut, når en ser det på papiret. Tegmark er ikke overspent; han behandler disse og tilsvarende problemstillinger med både alvor og humor. Jeg har aldri hatt veldig god forståelse av fysikk, og det er enkelte argumentasjonsrekker i denne boka jeg måtte ta lett på. Men boka er skrevet for lesere som ikke er fagfolk, og den inneholder mye mat for tanken, og det ligger i sakens natur at en må jobbe litt med å fordøye den. Jeg har sett boka omtalt både i Klassekampen og i Aftenposten, så det bør vel være mulig at den etter hvert kommer på norsk.