onsdag 2. mars 2011

Ein roman om løgna

”Vil du rømme med meg til verdens ende? Vi drar nå?”
Han hadde ristet på hodet, nølende. Næh. Næh. Snart mat. Hjemogeta.

Ein liten episode frå side 232 i ”Glitterscenen” av Monika Fagerholm, berre for å illustrere ein av kontrastane i det vesle samfunnet ho skildrar i romanen. Boka er eit framhald av ”Den amerikanske jenta” som kom på norsk i 2007, og det er mysteriet om ei jente som drukna og ein gut som hengte seg i 1969 som er utgangspunkt for begge romanane.

Da eg las den første av dei, var det som å stå framfor ein kommodeskuff så full av klesplagg at det var vanskeleg å få ho opp utan at det blei rot i systemet. Likevel har Fagerholm hatt stoff nok til enda ein roman, og etter eg har lese begge to, og følgd livet i Trakten gjennom to generasjonar i skuggen av fleire tragiske hendingar, har det meste falle på plass.

På omslaget står det at romanen er ein thriller, men det er han ikkje. Dei mystiske dødsfalla er rett nok til stades nesten heile tida, men det er ikkje jakta på oppklåring som driv handlinga framover. Handlinga blir rett og slett ikkje driven framover; forfattaren skiftar stadig synsvinkel og flyttar seg att og fram mellom tidsplana, og det er relasjonane mellom karakterane og kjenslene deira som er viktige. Sjalusi, misunning og angst. Men også vennskap og kjærleik, så mye som ein treng for å overleve i eit samfunn som dette. Og løgnene, som ein heile tida må halde ved like for å få det til å gå rundt.

Ein generasjon etter at tragedien fann stad, er han integrert i identiteten til bygdefolket. Det kan sjå ut som om det er ein vekselverknad mellom tragedien og kvardagen: Tragedien skaper bygda, og bygda skapte tragedien. På dette grunnlaget skal innbyggjarane leve vidare, og det går slett ikkje knirkefritt.

Eg har ikkje møtt på noen som skriv slik som Fagerholm. Ho skiftar mellom vekebladprega daglegspråk, indre monolog og ytre skildring, og ho er fleire gonger innom dei sentrale hendingane, sett frå ulike vinklar. Iblant kan ein mistenkje ho for ikkje heilt å lite på berekrafta i teksten sin, på grunn av repetisjonane, men det kan godt hende ho berre viser omsyn til lesarar som meg, som ikkje alltid klarer å henge med.

Somme verk – kanskje dei fleste – passar ikkje til alle temperament. Eg fann ikkje nerven i forteljinga og sleit for å halde på interessa, men er open for at det kan ha med meg å gjøra, ikkje minst etter å ha lese kollegaen min i Dag og Tid, som har funne mye av det same som meg i denne romanen, men som er langt meir begeistra. Så la ikkje innvendingane mine hindre noen i å finne fram ”Glitterscenen” – ein er ikkje forplikta til å lesa heile.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar