onsdag 2. mars 2011

Ein ålreit roman - meldt i Klassekampen des. 2010

Den nye romanen av Jonny Halberg heiter ”En norsk tragedie”, og med ein slik tittel fortel forfattaren mye. At det er ei tragisk forteljing som går føre seg i Noreg, sjølvsagt, men han seier også noe om ambisjonsnivået sitt, 75 år etter at Theodore Dreiser gav ut ”An American Tragedy” – ”the worst-written great novel in the world.” Og la det bli sagt med ein gong: Romanen til Halberg er ikkje dårleg skriven, men heller ikkje noen stor roman.

Handlinga er lagt til Elvestad, sør i Gudbrandsdalen, der forteljingane til Halberg plar utspele seg. Hovudpersonen er Mattis Grini, ein eks-intellektuell mann i førtiåra som har komme heim til barndomsbygda for å arbeide som gardskar og kople av med Morgan Kane. Ei natt vaknar han av sirener og følgjer lyden, for å finna ut at ein gard i bygda står i brann. Eigaren er ein tidlegare kamerat av Mattis, som tidleg la han for hat. Nå er han forsvunnen, men han set stadig spor etter seg utover i forteljinga. Mattis tek seg av den eksotiske sambuaren hans og involverer seg både med henne og venninna hennar, kvar for seg og samtidig, og slikt må jo ende tragisk.

Det er Mattis som fortel det meste av historia, men han får hjelp av den nokså anonyme ”pastoren”, som fokuserer på hovudkonflikten i bygda, mellom ein tradisjonell patriark med stor gard, og ein rik oppkomling med store planar og liten respekt for verdiane i bondesamfunnet. Denne konflikten ytrar seg i blant på brutalt vis, og Mattis unngår han heller ikkje. Første del av romanen endar med at han blir fengsla, etter å ha blitt tirra så kraftig at han mista styringa over seg sjølv og skamslo to mann.

Halberg er ikkje berre prosaist; han har også skrive filmmanus, og det er lett å tenkje seg teksten omskapt til film. Miljøet er tydeleg teikna, og han har ei heldig hand med dei dramatiske opptrinna. Boka er fylt av dystre, desillusjonerte karakterar, og det er toppen eit par av dei som står oppreist når handlinga er over. Somme av dei tenderer mot klisjéen, og det er ikkje alle som har ein tydeleg funksjon i romanen, men i det store og heile fungerer personteikninga godt.
Kamper som den mellom bonden Hans Røed og kapitalisten Finn Sletten kjenner ein att både frå Hollywood og Hamsun, og eg synes det er her Halberg har lykkas best. Eg er meir i tvil om den delen av handlinga som dreier seg om den forsvunne Håkon Sundin – eg får rett og slett ikkje tak i relevansen. Viss ikkje forteljinga på denne måten skal få ein allegorisk dimensjon som denne lesaren ikkje har føresetnader til å forstå.

”En norsk tragedie” kan oppsummeras som ein ålreit roman, men han vil kanskje ikkje bli ståande som det litterære standardverket ein vil gå til for å finna ut kva som skar seg i Noreg rett etter det siste tusenårsskiftet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar