søndag 20. mars 2011

Kunstnarens ansvar

Det var vel nemnt her til lands òg, at Lars Norén sette opp eit teaterstykke med dømte kriminelle, som etter ei tid rømte, gjennomførte eit ran og drap to politimenn som følgde etter dei etter ranet, men saka fekk sjølvsagt ikkje slike dimensjonar hos oss, som hos grannen i aust. Det var så vidt eg la merke til det, og fikk slett ikkje med meg alle sidene ved ho.

Journalisten Elisabeth Åsbrink har skrive bok om denne saka – ”Smärtpunkten” – , som er svært interessant lesnad. For det handlar om mye meir enn å spele teater med farlege brotsmenn som misbruker tilliten til å gjøra nye brotsverk. To av skodespelarane var overtydde nazistar, og i dramaet ”Sju tre” spelte dei seg sjølve og fekk høve til å legga fram dei groteske synspunkta sine. Dette fekk mange til å reagere sterkt, og førte til ein heftig debatt i svenske media. Noe av debatten liknar på ein vi kjenner godt her heime, om tilhøvet mellom kunst og liv, men meir sett på spissen. Når to personar som speler roller med deira eige namn og framfører nazistiske synspunkt frå scena, er det da nazipropaganda eller teater? Og når Norén tillet slike at slike synspunkt blir framførte utan å bli motsagt, gir han dei legitimitet, eller er dei så groteske at dei avslører seg sjølv?

Ein av skodespelarane misbrukte permisjonane sine og tilliten og empatien til produsent Isa Stenberg til å gjøra kriminelle handlingar, og til slutt medverka han til drap. Kva ansvar hadde Norén og medarbeidarane hans for dette? Også ein heit debatt i svenske aviser.

I forma er ”Smärtpunkten” ei reportasjebok, men ho drøftar mange viktige prinsippspørsmål. Det som grip meg sterkast, handlar om kunstnarens ansvar, som verkeleg blir sett på spissen. Eg kjøpte boka billig i det svenske boksalet, og det kan godt hende ho framleis er tilgjengeleg for ein billig penge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar