søndag 6. mars 2011

Jan Myrdal

Eg las mye Myrdal på syttitalet, i likskap med dei fleste ml-arane med hang til boka. Det lærte eg mye av, både om litteratur og formuleringskunst. Litt om politikk òg, først og fremst om å lesa litteratur med politiske briller.

Når eg les Myrdal i dag, ser eg at verda har endra seg meir enn Myrdal. Eg har nok endra meg meir enn Myrdal eg òg, men ikkje meir enn at eg finn han stimulerande – så lenge han ikkje skriv om jamstelling og homofili.

I ”I de svartare fanors tid” skriv han først og fremst om Strindberg. Informativt og inspirert, sjølv om ei og anna formulering får meg til å mistenkje han for å sjå seg sjølv som 1900-talets Strindberg. Eg har vore fascinert av denne diktaren heile mitt vaksne liv, ikkje minst på grunn av Myrdal, men det er ikkje mange av dei 75 banda som livsverket til denne diktaren utgjør, eg har lese. Det blir kanskje ikkje mange fleir heller, men eg må få tak i ”Svarta fanor”, og så set eg meg nok ned att med det eg har tilgjenge til i min eigen heim.

Myrdal skriv om Vilhelm Moberg og Ivar Lo-Johansson òg, og sjølv om eg har lese mye av desse to, blir leselista (og gjenleselista) mi lenger. Er det fleire enn eg som har eit håplaust livsprosjekt gåande – å skulle rekke over alt som gjør meg klokare og åndeleg rikare?

Det er sider ved den svenske litteraturen som alltid har tiltrekt meg. Openheit og respekt, den inkluderande holdninga mange forfattarar har til lesarane sine. Ekte folkelegheit. Vi finn det jo her i landet òg – hos Falkberget og Uppdal, for eksempel. Eller hos Prøysen og Sandbeck, men det verkar på meg som om denne tradisjonen er meir rotfesta hos naboen i aust.

Det er ei Sisyfos-oppgåve å skulle lesa seg gjennom alt ein bli trekt mot. Eg får lyst til å lesa meir Myrdal òg, og utan å dra samanlikninga for langt, blir det som å lesa essaya til Jan Erik Vold – det blir stadig meir ein må finna ut av. Men Sisyfos skal ha trivst med oppgåva si. Ein får sjå det som ein lagnad og halde fram å elske den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar