Det
må vera lov å seia at Simon B. Andrewes er noko for seg sjølv. 2. juni blir han
75 år, og han feirar med å debutere som forfattar. Med tre bøker. Ei
diktsamling og to prosabøker, som begge tek utgangspunkt i livet til
forfattaren. «Memoir» er ein sjanger i engelskspråkleg litteratur, som ikkje er
like vanleg i den norske. Og, som vi alle veit, minnet er ein upåliteleg
følgjesvenn, så det treng ikkje vera gudsens sanning, alt som står der. Bøkene
blir berre publisert digitalt, så den som er avhengig av papir, må skrive ut
sjølv. Eg veit ikkje korleis utgjevingsprosessen har vore; om tekstane har vore
gjenstand for redaksjonell handsaming eller ikkje, men for å føregripe litt:
Bøkene er gode, så berre les dei! (Eg må ta atterhald for den eine prosaboka – «Andrewes
with an extra e» – ettersom eg ikkje har lese ho.)
Eg
har kjent forfattaren i snart femti år. Eg kjenner han ikkje godt, og vi møtest
sjeldan, men vi kjenner einannan godt nok til at han har dedisert eit dikt til
meg – ei ære sjølvsagt, men det gjør kanskje noko med habiliteten min. Det er
jo eit dilemma, å skulle skrive om bøker som vener har skrive, også i ein
marginal publikasjon som denne. Ein vil hjelpe dei til å få lesarar, men ein
vil også kunne sjå seg sjølv i spegelen etterpå. Så hadde bøkene vore dårlege,
ville ikkje denne teksten blitt skriven.
Eg
har lese diktsamlinga Blinded by love or
science og memoaren 1969. A Year in
a Life. Det er mogeleg å sjå at det er same mann som har skrive bøkene, iallfall
når ein veit det . Han har ei audmjuk haldning til stoffet sitt, og til livet
òg – det ser ein spesielt godt i prosaboka. Han skaper spenning i dei beste
tekstene ved å dra liner mellom det nære og det fjerne, og mellom det handfaste
og det vi berre må spekulere over. Og om nokon skulle frykte det: tekstane er
ikkje gammalmodige i det heile tatt.
Blinded by love or science. Det er ein
elegant tittel, men kanskje ironisk meint. For forfattaren ser godt nok, og han
er undrande, han ser etter samanhengar, og no og da finn han dei òg. Eg blir
meir opptatt av det han skriv om vitskapen, det vil seia astronomien og
astrofysikken, og det er det som får størst plass i samlinga òg. I vår tid er
vi opptatt av klima og miljø; vi har det travelt med å finne løysingar på klimakrisa,
slik at barnebarna våre skal kunne få eit like godt liv som det vi har hatt og
har. Poeten er ikkje likegyldig til dette, men nysgjerrigheita hans blir meir
pirra av korleis universet har vokse fram, og kva det har i vente. Og plutseleg
kan han vise lesaren det store i det vesle og finne parallellar mellom det
kosmiske og det kvardagslege. Som i The
Moon Tonight – eitt av mine favorittar, og eg siterer første del:
The moon tonight, an empty tin plate;
rockets would clatter down like pennies
upon its plain yellow plains.
An acid of ages stains its open face,
each night eating a little more away
of its once proud luminosity,
discolouring it with shadows of decay,
deepening my distress,
the longer I choose or have to look.
I
memoarboka skriv han om pop-poetane frå sekstitalet, som Adrian Henry og Roger
McGough, og da vi gjekk på folkehøgskule saman, las vi gjerne desse diktarane. Dei
er tilbakelente og uttalar seg i ei lun, humoristisk tone, og ei slik tone finn
ein hos Simon A òg. Les for eksempel The
Adam Syndrome.
Det
er ei mangfaldig diktsamling Simon Andrewes har skrive. Lange dikt, korte dikt,
politiske dikt, dikt om maskulinitet, og sjølvsagt dikt om kjærleik og vitskap –
dvs om astronomi og liknande. Somme av dei lange tekstane kunne vore stramma
opp, for det hender han blir så opptatt av å få fram bodskapen, at det poetiske
går tapt. Han kunne også lagt til sides fleire av dei korte, aforistiske
tekstane, slik at dei som er verkeleg gode, hadde fått plass til å skine. Nokre
få dikt er på rim; han har skrive ein sonett som eg likar veldig godt. Og det
eg synest er høgdepunktet i samlinga: To
Count the Harmony, som handlar om slottet Alhambra i Granada, Spania, og om
det umogelege i å måle opp venleiken og harmonien ein ser der.
1969. A Year in a Life. Det
var det året forfattaren fylte 24 år. Han jobba på flyplass, lurte på kva han
skulle bruke livet sitt til og korleis han skulle få eit tilfredsstillande
kjærleiksliv – dei av oss som er over 24 år, veit nok kva det handlar om. Ute i
verda var det uroleg, den gongen som no. Året før gikk sovjetiske troppar inn i
Tsjekkoslovakia, og i januar sette Jan Palach fyr på seg sjølv og blei martyr.
Dette blei ekstra nært for Simon, som hadde ei venninne frå Praha. Det var krig
i Vietnam og konflikt, eller krig, i Nord-Irland. Og kulturelt: Beatles song på
siste verset (Simon passerte ei folkemengd i London utan å få med seg at
Beatles spelte frå taket på Apple-bygningen), musikalen Hair gjekk for fulle
hus, og Doctor Who, som etter det eg veit, aldri slo an her i landet, gjekk på
TV.
Boka
er kronologisk ordna. Jakta på kjærleiken går som ein raud tråd, frå norske
Britt til kanadiske Nell, og med fleire stasjonar på vegen. Det er lett å
kjenne seg att i alt forfattaren må gjennomgå av dilemma, sigrar og nederlag på
denne fronten. Simon slit med dårleg sjølvtillit, ikkje først og fremst knytt
til maskuliniteten, men han er i tvil om han vil vera i stand til å gjennomføre
ei akademisk utdanning. Og innimellom er han opptatt av korleis ein blir eit godt
menneske. Hadde han lagt meir vekt på dette siste, kunne teksten fått tydelegare nerve og blitt enda
meir spanande.
Engelske
prosaistar er ofte ordrike, men utan at det blir tom prat av det. Dette har dei
kanskje etter Dickens, som er ein meister til å utbrodere. Simon nyttar også
mange ord, og det kler forteljinga. Ho blir sjeldan keisam, sjølv om det frå
tid til annan dukkar opp transportetappar som lesaren gjerne går litt kjapt forbi.
Eit høgdepunkt er når kameraten Neil underviser Simon i klassisk musikk mens
Rolling Stones spelar i Hyde Park, rett i nærleiken.
Mange
av dei som kjem til å lesa denne bloggposten, kjenner Simon og vil frå før vera
motiverte til å lesa bøkene hans. Til dei som ikkje kjenner han, vil eg seia at
bøkene absolutt er verdt å lesa. Dei er tilgjengelege på smashwords.com, og
kostar omtrent det same som ei dagsavis i laussal.