søndag 24. mai 2020

Byflaten, Texas


Kan ein bruke ei slik overskrift på ein tekst om ei bok som heiter «Mjøsa rundt med mor»?  Ja, når ein skriv utan redaktør, så kan ein det, sjølv om Travis i filmen til Wim Wenders er på leiting, medan forfattar Bjørn Hatterud har funne det meste av det han leiter etter. Han skal på tur, først og fremst for å stadfeste. Og det er kanskje ikkje Ry Cooder som har soundtracket – det vil seia: Det kan han godt ha, men det må vera plass for trekkspel.

Denne boka kan seiast å vera andre bind av memoarane til den 42 år gamle forfattaren. «Mot normalt» kom for halvtanna år sia, og mykje av det han skriv om i den nye boka, kan vi lesa om også der. Slik forteljinga er lagt opp, er det ikkje til å unngå at han gjentek seg sjølv i ei viss mon. Han vev si eiga historie og historia til slekta si inn i skildringa av grenda Byflaten, der han voks opp (to kilometer unna barndomsheimen min), av Veldrebygda og av Ringsaker kommune, først og fremst Sjusjøen, der familien har hytte, og der velstandsutviklinga har kasta om på samfunnet. På s. 33 seier han det slik: «Livet vi lever, har minst to lag rundt seg. Det fyrste er kroppen. Det andre er romma vi ferdast i, enten dei er heimen, familien, arbeidet, den geografiske plassen eller reisemålet. Livsforteljinga vår er flettverket av desse to faktorane.» For ein veldring er området han skildrar, spesielt, men det er ikkje meir spesielt enn at folk med røter andre stader, vil kunne relatere til det. 

Det handlar om identitet. Hatterud er veldring i n`te generasjon, skyldt halve bygda, men lagnaden – eller slumpen – gjorde outsider av han. Med færre personlege ressursar og mindre støtte frå dei næraste, kunne det gått riktig dårleg. Men det har gått riktig bra, og han delar raust av erfaringar og refleksjonar. 

Boka er på 219 sider, og Hatterud og mora er ikkje ute av Ringsaker kommune før på side 160. Eg, som er sambygding kan sjølvsagt seia at dette er klok prioritering, men den som er ute etter ei bruksbok for å hjelpe seg til å gjøre ein liknande tur rundt den største innsjøen i landet, bør altså finna noko anna. Men det er mye å ta med seg for den som vil vita meir om oppvekst i bygde-Noreg på åtti og nittitalet og som kan tenkje seg å sjå dette med eit skeivare blikk enn det ein til vanleg gjør. Det er ei lett og til tider humoristisk tone i boka, sjølv om det er til dels tunge tema som blir handsama. Sarkastisk er han berre når han skriv om den økonomiske eliten som breier seg med fine bilar i Ringsakerfjellet. Han nyttar små ord om dei som mobba han og om skuleleiinga som ikkje greip inn; han går oppreist og kan sjå stort på ting. Og han, som er støymusikar når han ikkje er kurator eller forfattar, gir Ole Ivars det beste skussmål.

Eg har dobbel glede av å lesa Bjørn Hatterud. Ved sida av at han skriv godt, skriv han om min barndoms landskap, og det er mykje eg kan kjenne meg att i, sjølv om eg høyrer til same generasjon som foreldra hans og hadde reist min veg før han vart født. Og opplevinga av eksil kjenner eg óg på, ti mils veg unna. Hedmarking, brumunddøl, det går ikkje over. Men lengten er til å leva med. Dessutan har eg jo stor respekt for han og for kampen han har kjempa. Mora har vore den viktigaste støtta hans. Ho fortener ein biltur rundt Mjøsa.

3 kommentarer:

  1. Om det lar seg gjøre å legge inn kommentar, avhenger av hvilken nettleser en bruker. Det fungerer tydeligvis ikke med Safari, men det skal gå med Chrome. Denne kommentaren er lagt inn med Firefox.

    SvarSlett
  2. Dette er en test for å se om det lar seg gjøre å legge inn kommentar i Internet Explorer

    SvarSlett
  3. Fint å lese, Steinar.

    SvarSlett