fredag 28. juli 2017

Siste bok om skogfinnane


Kommentar 2017: Eg har meldt fleire av romanane Britt Karin Laren har skrive om skogfinnene, og eg kan ikkje la vera å undre meg over at desse romanane har fått så sparsom omtale. Dette er den siste boka i serien - ho kom i 2015.

«Et fraflyttet eller tomt hus er alltid mer enn et tomt hus, er fullt av historie, minner....» skriv Britt Karin Larsen mot slutten av den nye romanen sin, «men et sammenrast hus, hva er det mer enn et sammenrast hus?»

Huset som har måtta gje etter for tunge snømassar, er Mostamägg, det vesle bruket som er nemnd i tittelen på romanen Larsen gav ut i 2009, og som innleidde serien som blir avslutta med denne boka, nummer sju i rekka. Bøkene handlar om skogfinnane på grensa mellom Noreg og Sverige, sett gjennom livet til nokre få familiar i ei lita grend.

«Kaldere mot natten» heiter romanen, illevarslande nok. Larsen har det med å nytte symboltunge romantitlar, og slik eg les forteljinga, er det som om slutten på romanserien fell saman med slutten på livskrafta på Finnskogen. Skogsmaskinane herjar i skogen, hus rasar saman eller brenn ned, ulv og bjørn gjer det vanskeleg å halde på med husdyr, og dei unge flyttar til byen. Biletet er rett nok ikkje heilt svart; det går framleis folk på stiane, sjølv om det handlar om turistar eller folk som søkjer skogen for å unngå selskap frå andre. Og lønnetreet som blei planta ved Mostamägg i den første boka, held stand.

Tidslina for romanen strekkjer seg frå tidleg førtital og femti år framover. Oliver frå Havnkota er grenselos og hjelper mellom andre jødiske Ruth, som blir ein av gjennomgangsfigurane i romanen. Det blir også Turid, dotter av ein etterkommar av folket på Mostamägg og ein tysk soldat. Lesaren får følgje ho frå ho er lita og fram til ho er godt vaksen, medan ho søkjer identiteten sin. Ho høyrer til to nedrakka minoritetar på ein gong og er eit tydeleg eksempel på eitt av dei to siktemåla Larsen har med romanserien sin. Samtidig som ho vil fortelja soga om skogfinnane, står Larsen opp for folkeslag og grupperingar som blir hundsa og sett ned på. Finnar, jødar, urfolk av alle slag og såkalla «tyskarungar». 

Kunsten, og vilkåra for at kunstnarar skal lykkast, er eit sidetema som må nemnast. Diktaren Per, som også speler ei rolle i den førre romanen, blir ikkje akseptert av sambygdingane og slit med sjølvtilliten. Han flytter til Oslo og slumpar til å kome inn i eit miljø av litteratar, der somme set pris på han, medan andre hånar han. Han tyr til alkoholen, og det endar ikkje bra. Kunstnarane hos Larsen er sårbare menneske som skil seg ut frå fleirtalet fordi dei har spesielle gåver. Dei er ikkje heva over andre; dei er avhengige av å bli sett og oppmuntra for å kunne realisere det dei har i seg.

Finnskogen er ikkje det mest omsungne området i vårt land, og Britt Karin Larsen har gjort ein stor og vesentleg innsats som kronikør av livet her. Det er som seg hør og bør at handlinga blir ført fram til vår tid – Turid er sjuande ledd i den mest sentrale slekta – ettersom problemstillingane er så aktuelle. Situasjonen i verda i dag, der flyktningar og andre i ein vanskeleg livssituasjon søkjer til dei rike landa i Europa, kunne kanskje gitt stoff til enda ei bok, og eg ser ikkje bort frå at Larsen klør etter å halde fram.

Avslutninga av dette storverket er likevel ikkje på høgd med dei andre bøkene. Komposisjonen liknar på dei tidlegare – mange stutte kapittel, gjerne innleidde med ein refleksjon over temaet lesaren skal få veta meir om. Forteljaren flyttar seg raskt mellom personar og stader, først og fremst på Finnskogen, men også til Oslo, Stockholm og USA. Dette fungerer også denne gongen bra; Larsen har eit stort lerret ho målar på, og ho fyller det godt. Men eg synest at ho gir kvar einskild karakter litt for liten plass denne gongen. Turid blir meir eit døme på ein person med en ukjend tysk soldat til far, enn ein mangfaldig karakter i utvikling, og når forfattaren vel å inkludere den velståande jødiske kvinna Ruth, ville det vore interessant å lære ho betre å kjenne. Det er kanskje urettvist å seia dette, ettersom det er ein kollektivroman vi har med å gjera. Og det handlar jo om det subjektive inntrykket til meldaren, at han opplever romanen for mykje som ein katalog over lagnader, og for lite som eit verk der karakterane får liv.

Uansett, etter sju band om livet, slitet, lykka og ulykka på Finnskogen, kan eg ikkje konkludere med anna enn at Britt Karin Larsen har skrive eit romanverk som bør bli ståande som eit av dei sentrale i nasjonallitteraturen frå vår tid.


Britt Karin Larsen, Kaldere mot natten.
Oslo, Cappelen Damm 2015. 507.s.

Muntre dødsdikt


Kommentar 2017: Denne diktsamlinga av Jan Jakob Tønseth kom ut i 2015. Eg var så heldig at eg blei spurt om å melde ho, og eg blei like forundra som dei fleste andre da Kulturrådet sa nei til å kjøpe inn boka til biblioteka.

Jeg ligger i min seng på hospitalet
from som et lam og nylig operert.  
Nå er jeg sammen sydd og bandasjert.
Jeg våken er og er i det reale.

Jeg delirerer ikke. Månen måne er
og på mitt nattbord ingenting til pynt,
med blomster og Kong Haakon heller tynt.
Her ligger jeg og teller mine tær.

Jeg borte var. Jeg kjente ingen stikke
og skjære i meg. Alt var mørkt og øde...
Så om jeg møtte Jesus vites ikke.

På hospitalet våknet jeg og ei i Rosensale.
Og heldigvis. For det er først som døde
de fromme uafladelig sin Jesum tale, - i Rosensale.

På denne måten opnar Jan Jakob Tønseth den nye samlinga si – «Muntre dødsdikt og andre dikt», og jubelen braut umiddelbart laus i meldaren. Den gav seg ikkje. Til Vårt Land seier forfattaren at han skreiv i ein poetisk raptus, og det er nett slik dei ser ut. Overskot på adrenalin kopla med sans for form, og stødig fotfeste i klassisk poesi. Adrenalinet i dikta set i gang adrenalinet hos lesaren.
Utgangspunktet for samlinga er ein kreftoperasjon; forfattaren fekk påvist brystkreft, og heldigvis for han og for litteraturen, blei han operert og heila.

Dikt om døden er sjølvsagt dikt om livet, og munterheita er knytt til at diktaren fekk leve. I tillegg til eigne dikt, har han også med gjendiktingar, og den einaste muntre døde vi møter i boka er den bistre eg-stemma i eit dikt av Baudelaire. Han seier «Meg arver ingen, ingen gravsten ønsker jeg./ Og eg vil ha meg frabedt tårer når jeg dør./ Å be den glupske ravn på fest så den kan meske seg/ med meg, mitt heslige kadaver, er hva jeg akter gjøre.» Den muntre, levande Tønseth seier: «Hvem vet om liv er best, kort eller langt?/ Jeg vet, for jeg skal ennå leve vel og lenge,/ og jeg har fortsatt mangt å gjøre før det stenger.// Og er jeg heldig, dukker søster Kari opp/ med dren og plaster for å stelle med den kranke/ og pleie såret i hans overkropp.»

Dikta er i bunden form, dei fleste av dei sonettar. Debatten for og imot rim og rytme er avslutta for lengst, og formene lever fredeleg ved sida av kvarandre.
Det er ikkje så mykje som er løynd i dikta – ettertanken kjem fordi det er så store spørsmål Tønseth handterer. Han auser av alt han har. Wergeland og Brorson. Bibelen og Baudelaire. Dokterlatin og fransk. Han skriv om kunsten å leve og kunsten å døy. Ein stad dreg han fram slikt han set pris på i livet: «Barn, venner, bøker, Fagervann!/ Asaleaen som nå blomstrer over all forstand», men i neste dikt er han «høibedrøved» og trår etter at det heile skal vera over. Men lesaren treng berre bla ei side til for å finna eit heltemotig eg som ber arra sine med stoltheit.

Boka er delt inn i fire bolkar, dødsdikta fyller den første og den siste. Det som kjem mellom, er to dikt om tid og fem bibelske fantasiar, dei siste kan sjå ut som eit framhald av den førre samlinga, «Fromme vers for enkle sjeler». Habil poesi, men det er dødsdikta som engasjerer.

Eg hugsar ikkje når eg sist blei så hovudstups begeistra over ei diktsamling. Det var såpass sterkt at eg måtte finna ut om eg let meg blende av dei råkande formuleringane, den elegante forma og dei godt turnerte kontrastane. At Tønseth råkar meg, er ikkje rart. Eg er gammal nok til at døden er sterkt til stades i livet og enkel nok til at eg kan bli begeistra av gode formuleringar, kontrastar og overraskande rim. Men det som gjør lesinga til ei spesiell oppleving, er møtet med personen, lykkeleg, sjølvironisk lidande, kjempande og til slutt forsona med et faktum som ikkje let seg velja bort: døden.

Poesi
Jan Jakob Tønseth
Muntre dødsdikt og andre dikt
Cappelen Damm 2015, . 62 sider

Litteratur för amatörer - ein god nabo skriv om bøker.



Kommentar 2017: Bokmelding frå Klassekampen våren 2013. Eg blei veldig begeistra over denne boka, både fordi ho inneheld gode tekstar, og fordi ho stimulerer til lesing av svenske forfattarar som ein kanskje ikkje kjenner så godt hos oss. I ettertid har eg hatt spesiell glede av å lesa dei siste diktsamlingane til Karl Vennberg, som eg sikkert vil komma tilbake til.

Agneta Pleijel. Eit sentralt namn i svensk etterkrigslitteratur, både som romanforfattar, lyrikar, kritikar og essayist. Redaktør for Ord & Bild. Kultursjef i Aftonbladet. Leiar for den svenske PEN-klubben. Fleire av verka hennar er omsett til norsk; likevel har ho ikkje fått mye merksemd her til lands. I fjor gav ho ut ei samling tekstar om litteratur, den eldste skriven i 1965, mens dei ferskaste er frå 2011. Bokmeldingar og essay om einannan, sett inn i ei ramme der forfattaren ser tilbake, samtidig som ho demonstrerer synet sitt på litteratur og nå og da også på politikk. Ingenting verkar gammalt. Alt er aktuelt.

«Litteratur för amatörer» heiter samlinga. Amatørar sjølvsagt i den opphavlege tydinga av ordet, og det har med kjærleik å gjøra. Pleijel er ein slik amatør sjølv òg, og det viser ho i alt ho skriv i denne boka. Samtidig uttrykker ho seg på eit så uakademisk vis at ein slett ikkje må vera spesialist for å ha glede av artiklane. Eg har ikkje lese mange bøker om bøker eg har likt betre enn denne.

Det handlar mest om svensk litteratur, både dikt og prosa. Ho startar friskt med Bengt Emil Johnson, konkretist frå sekstitalet som gav ut lyddikt – «Gubbdrunkning» og «Släpkoppel från vida världen», og endar med ein lang seksjon om ei av heltinnene sine: Birgitta Trotzig, som eg har fått det travelt med å lesa. Tranströmer skriv ho langt og inspirert om, og ho er fleire gonger innom Karl Vennberg. Ho får ein aldrande norsk mannleg lesar til å fatte interesse for Anna Maria Lenngren og Fredrika Bremer, spesielt Lenngren, som var ein samtidig av Bellman, og som svenske litteratar har lese og skrive om, utan å få med seg ironien i tekstane hennar. Pleijel skreiv om henne i 1977, i «Författarnas litteraturhistoria». Teksten er like frisk i dag, og ein av dei mest engasjerande i boka. Så skriv ho om Verner von Heidenstam og Erik Axel Karlfeldt under tittelen «Innsyn hos herrarna». To diktarar frå 1800-talet som dei fleste feministar ville fryda seg over å plukke fjøra av. Men ikkje Pleijel. Det er aldri tvil om kor ho står i kjønnskampen, men ho les desse to som barn av si tid og turnerer dei slik ein turnerer eldre skyldfolk som ein er glad i og ser forsonlege trekk hos, gjennom dei håplause synspunkta dei med brask og bram legg for dagen. Stort sett er det kjente namn ho skriv om, men Kjell Johansson har passert under radaren min. Ein forfattar i same segment som vår eiga Britt Karin Larsen; naturlegvis interessant.

Når Pleijel flytter seg ut av Sverige, går ho helst til Aust-Europa. Bl.a. Milosz, Herbert og Gombrowicz. Og eit vestleg unntak: Susan Sontag. Sentrale intellektuelle forfattarar i vår tid, med eit stort alvor som gjør oss klokare.

Pleijel har levd eit langt liv med lesing og skriving, sentralt plassert i litterære krinsar. Rammene rundt artiklane har ein snev av memoar; og ho fortel om seg sjølv som nyfiken, men med masse ærefrykt og respekt for dei eldre forfattarane ho skriv om. Også som syttiåring har ho desse eigenskapane, og summen av audmjuke haldningar, omfattande kunnskapar og stor skrivekunst, blir ei sjeldan skattkiste. 


Agneta Pleijel, Litteratur för amatörer. 347 sider
Stockholm, Norstedts, 2012



søndag 30. oktober 2011

Stor leseropplevelse

“Gullfisken” av J.M.G. Le Clézio er en tradisjonell roman. Hovedpersonen er Laila, ei marokkansk jente som blir kidnappa og bortført seks år gammel, og som bruker de femten neste åra til å reise omkring, først og fremst i Frankrike, men også til USA, før hun ender opp i traktene der hun har røttene sine.

Men romanen er likevel ikke dagligdags lesning. Laila lever under ekstreme forhold; hun blir solgt som tjenestejente, utsettes for vold, overgrep og fornedrelse og flykter eller flytter hver gang tilværelsen blir for vanskelig å holde ut. Hun er modig og temperamentsfull, og hun klarer seg på grunn av egen styrke, freidighet og handlekraft. Det er et hardt samfunn, døden er hele tida tett på. Oppe i alt dette føler hun lengsel, ikke bare etter menneskelig varme, med også etter intellektuell og kunstnerisk stimulans. Hun kommer over et eksemplar av “Jordens fordømte” av Franz Fanon; ei bok som går hardt til verks mot europeernes undertrykkelse av afrikanerne, og denne boka blir en av hennes viktigste eiendeler. Mot slutten av romanen blir hun jazz-sangerinne i USA, og hun vender tilbake til Europa for å opptre på jazzfestivalen i Nice.

Det er virkelig ei medrivende fortelling. Det som kanskje er mest spesielt, er at denne ekstraordinære jenta er skildra av en mannlig forfatter. Sjøl i de mest dramatiske opptrinna har teksten en kvinnelig touch; jeg kan ikke huske å ha møtt på noen kvinnelige karakterer som er like troverdig skildra av en mannlig forfatter.

J.M.G.Le Clézio fikk Nobelprisen i 2008. Det er ingenting i denne romanen som tyder på at det var et feil valg.

Oversetteren er også mann, og dyktig: Ragnar Hovland.

tirsdag 11. oktober 2011

Ny bok av Tove Nilsen. Klassekampen 8. oktober

Tove Nilsen har lese og skrive mye, ho er intellektuell og danna, men ho liker best enkle og ujålete menneske. Dette er inga overrasking for den som har lese bøkene hennes regelmessig, men det har nok aldri komme tydelegare fram enn i “Øyer i hjertet”, som nyss er komen. Ikkje fiksjon denne gongen, det dreier seg om eigne opplevingar.

“Øyer i hjertet. En begeistringsbok” heiter boka til overmål, og det er hovudsakleg Kreta og Skåtøy Nilsen skriv om. Kreta kjenner dei fleste til, Skåtøy ligg utanfor Kragerø. Den sist nemnde øya er barndommens landskap, mens ho fann fram til Kreta som ung vaksen, og ho reiser dit stadig.

Tove Nilsen er ein dyktig stilist, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg topografien på desse to øyene; ho skildrar vegetasjon og bygningar med skarpt blikk og passeleg unøyaktig minne. Men det er først og fremst i skildringa av menneske og dernest av dyr, som ho viser meisterskapen sin. To folkesky eldre brør på Skåtøy, to kvinner på Kreta som ho tilfeldigvis hamnar i heimen til når ho er på jakt etter husly, og mange andre som ho møter på vegen sin. Dei fleste er eldre enn henne og opptrer på ein måte som gjør at dei vekkjer respekt eller til og med beundring hos ho.

Det er så mange gode kjensler i denne boka, og så raus innstilling til verda, at når eg likevel må peike på problematiske sider ved teksten, kjenner eg meg slem og litt utakksam. Det største – kanskje det einaste – problemet heng saman med begeistringa. Når ein forfattar skriv ei “begeistringsbok” er det openbert at ho ønskjer å vise fram si eiga begeistring. Tenkjer ho også at ho vil vekkje begeistring hos lesaren? Det er i tilfelle eit ambisiøst mål; dersom dei fleste lesarane er som meg, er det det kunstnariske resultatet som skaper begeistring – haldninga og innhaldet kan gjerne vera svart og pessimistisk, som hos Thomas Bernhard.

Eg kjenner att tona i denne boka frå andre Tove Nilsen har skrive; først og fremst oppvekstromanane frå “Skyskraperengler” og framover. Det som skil desse frå den nye boka, er at dei finst ei underliggjande uro i dei, som skaper dramatikk og gir kontrast til dei mange muntre episodane. Nå er ikkje “Øyer i hjertet” ein roman, og da treng ein kanskje ikkje forlange så mye dynamikk? Eg tenkjer at ein tekst som skal ha lesarar, må ha noen taggar som stimulerer lesaren til å lesa vidare. Det er noen i denne boka; eg blir interessert i dramatikken rundt ein kontaktsøkande hund på Kreta og ein gjenstridig katt på Skåtøy, men eg må tilstå at eg fleire stader ble så trøtt av å bli stroken med håra at eg blei freista til å lesa fortare enn ein bokmeldar skal.

torsdag 6. oktober 2011

Spennande novelleantologi. Trykt i Klassekampen 17. september

”You could learn a lot about human nature, it turned out, from reading books”. Denne lærdommen haustar hovudpersonen i novella ”Great Experiment” av Jeffrey Eugenides når han er godt i gang med å svindle arbeidsgjevaren sin. Han arbeider i eit forlag som heiter det same som novella, og det aktuelle oppdraget hans går ut på å laga ei lommeutgåve med utdrag frå ”Demokratiet i Amerika” av Toqueville. Å bruke dette sosiologiske standardverket frå det nittande hundreåret symbolsk i ein tekst om svindel, er bortimot ein genistrek, og Eugenides turnerer temaet sitt med humor og eleganse.

Både i denne novella og fleire av dei andre i antologien ”Blue Collar, White Collar, No Collar. Stories of Work”, kan lesaren lære mye om den menneskelege naturen. Og han kan gle seg over ypparleg prosa; dramatisk, rørande og humoristisk. Det er Richard Ford som har sett saman antologien, og det ser ut til at han bruker same skjønnet når han plukkar noveller andre har skrive, som når han handterer sine eigne verk.

Det er 31 noveller i antologien, som har eit visst maskulint preg. Av forfattarane er det berre ni kvinner, og når ein tel hovudpersonar, finn ein at 25 av dei er mannlege og berre seks kvinnelege. Eg dreg ikkje fram dette som ein veikskap ved samlinga; det er rein forbrukarrettleiing. Men skulle eg redigert ei tilsvarande bok med min avgrensa kjennskap til nordamerikansk litteratur, veit eg av noen kvinner eg utan vidare ville tatt med: Tillie Olsen, Grace Paley og Jayne Anne Phillips.

Representativitet er altså ikkje eit kriterium for dette utvalet. Og samlinga er ikkje meint å skulle vera det ultimate noe som helst. Berre sju av novellene er skrivne før 1980, men den eldste av dei er frå 1941, så det ville ikkje vore oppsiktsvekkjande om Ford hadde funne plass for Hemingway og Faulkner. Men det er ikkje slik han har tenkt. Han har sett saman boka etter same prinsippet som ein artist som finn songar til eit album. Novella frå 1941 er det Eudora Welty som har skrive. Ho er ei av heltinnene til redaktøren, så det er heilt som det skal vera, at ho er med.

I forordet skriv Ford om tilhøvet sitt til arbeid, frå han var barn og fram til no, og om korleis han har streva med å forsvare at han har brukt tida si på litteratur framfor ordinært arbeid. Dette er nok eit kjent dilemma for våre heimlege forfattarar òg – i allfall for dei som ikkje opplever økonomisk suksess. Vidare seier han: ” Forteljingane i denne samlinga gjør oss klar over mange viktige ting på nytt: Ein av dei er arbeidet vårt; dei klart motstridande kjenslene vi har for det (som røpar oss), det sentrale (eller absurde) ved arbeidet som del av den private og nasjonale karakteren vår, om den grunnleggjande uforsonlegheita ved arbeidet som opptar oss veldig og som vi prøver å forstå, slik at vi skal forstå oss sjølve.”

Det er ikkje først og fremst skildringar frå arbeidsplassen som dominerer denne samlinga; det handlar meir om kvardagslivet, der arbeidsoppgåver og arbeidsliv er eit bakteppe og ein føresetnad for handlinga. Viss ein ser bort frå dei tre forteljingane som utspeler seg i gardsmiljø på landsbygda og skrivemaskinverkstaden til Charles D’Ambrosio, er ikkje mye produksjon å sjå i antologien. Da er servicenæringane langt betre representert – butikkar og serveringsstader av ulike slag, kontorarbeid og arbeid i heimen. Forfattarar, ein prest og ein gjeng profesjonelle mordarar.

Hausten 1994 trykte magasinet Ploughshares eit essay av Charles Baxter – ein prosaist av dei som ikkje har fått vera med i denne samlinga, men som ikkje ville skjemt ho ut om han hadde – og det hadde tittelen ”Dysfunctional Narratives, or ”Mistakes Were Made” ”. Her hevdar han at det er ein utbreidd tendens i moderne amerikansk litteratur at hovudpersonane blir framstilt som offer og ikkje som handlande subjekt. Han samanliknar kunstprosaen med formuleringane til Richard Nixon, da han freista bortforklare Watergate ved å skulde på omstenda og på medarbeidarar. Romanar og annan prosa opptrer i landskapet til traume og paralyse, seier Baxter, og i staden for ein litteratur med protagonistar og antagonistar har vi fått ein litteratur som viftar med peikefingrar og leitar etter noen som kan få skulda. Han meiner at det har utvikla seg ein ny slags naturalisme, men i motsetnad til i naturalismen til Zola og Dreiser, er det denne gongen ikkje tilhøve i samfunnet som gjør dei litterære karakterane til offer; det er tilhøve i familien.

Eg veit ikkje i kva grad Baxter har rett, men det er ein interessant ståstad å sjå på litteraturen frå, i eit samfunn der folk er meir opptatt av forbruk enn av politikk. Som Baxter seier: ”Herskarane er glade når de kjenner dykk hjelpelause. Dei er nøgde når de trur det er familien som er kjelda til vanskane dykkar. Dei er begeistra når de slår frå dykk tanken på å slå dykk saman og handle politisk”.

I ei samling noveller som har arbeidet som fellesnemnar gir dette utgangspunktet god meining. Det har å gjøra med optimisme og pessimisme òg. For meg er det iallfall slik, at mye heller enn velskrivne dystopiar, vil eg ha litt rufsete litteratur som ikkje tar frå meg trua på livet og menneska. Så altså: Er det kvardagsheltar eller kvardagsoffer vi finn i antologien til Richard Ford?

Andre Dubus skriv om to unge brør som deler ei avisrute, og som skal på jobb etter å ha hørt foreldra krangle og slåss om natta. ”A Song for Doc” av James Alan McPherson er sjølve grunnkurset i skjønnlitterær handsaming av temaet arbeid. Novella handlar om ein gammal svart kelner som fortel ein ung yrkesbror om korleis ein legendarisk kollega blei pressa ut av arbeidslivet trass i at han meistra oppgåvene sine til perfeksjon. Elizabeth Strout fortel om ein eldre apotekar som tar vare på, og forelskar seg litt i den unge, lite robuste, kvinnelege medhjelparen sin, samtidig som han skal handtere eit komplisert privatliv. Ikkje spor av dysfunksjonalitet her.

Det er stort sett velkjente, framståande forfattarar som er representert i antologien til Ford. Fleire av dei er omsett til norsk. Eg har ikkje mange kritiske kommentarar til utvalet: Det nyttar ikkje å etterlyse forfattarar; tilfanget er enormt, og det hadde truleg vore mulig å setta saman både to og tre bøker til med 31 noveller i kvar, av like høg kvalitet. Var eg redaktør, ville eg valt andre bidrag frå Annie Proulx, Tobias Wolff og Ford sjølv. Eg likte ikkje så godt novellene til Ann Beattie og T. C. Boyle; den første er for kald og den siste legg for stor vekt på sluttpoenget – etter min smak, for her er det spørsmål om smak og behag, meir enn om kvalitetskontroll.

Den som vil lesa amerikansk novellekunst, har mye å velja mellom. Det kjem fleire antologiar kvart år, som summerer opp året som har gått. Ein kan få samlingar som er ordna tematisk, kronologisk eller geografisk. Eg har vore opptatt av amerikanske noveller i over tretti år og har lese antologiar i hopetal. Denne er ein av dei beste.

Blue Collar, White Collar, No Collar. Stories of Work. Novelleantologi. Redigert av Richard Ford. 607 sider. New York. Harper Perennial 2011.

fredag 15. juli 2011

Faulkner: Absalom, Absalom. Å lese en roman.

Fire dager har det tatt meg, aleine på hytta i skauen, å lese de 326 sidene denne romanen utgjør. Det at jeg har lest alle orda på disse sidene - er det nok til å si at jeg har lest romanen? Det er en komplisert og besynderlig tekst; den åpner seg og lukker seg igjen, åpner seg og lukker seg igjen. Men slik det alltid er i en leseprosess, kan jeg ikke med sikkerhet si at dette er en egenskap ved teksten, det kan også dreie seg om konsentrasjon og opplagthet hos meg som leser. Og jeg kan ikke med handa på hjertet si, at jeg kan føre en mye mer intelligent samtale om dette verket, enn jeg kunne gjort etter å ha pugga kronologien og genealogien som er gjengitt bakerst i boka, og som er uvurderlige for leseren som skal holde seg orientert i tekstens krumspring. Men jeg har da lest "Absalom, Absalom", ei kraftprøve for en leser.

Absalom er Bibelens Absalon, som blant annet tok livet av halvbror sin fordi han hadde krenka søstera deres. Denne fortellinga finner vi igjen i romanen, plassert i Faulkners ramme, det fiktive, men virkelighetsnære sørstatsområdet Yoknapatawpha County. Incesthistoria blir gått grundig etter i sømmene og har så mange bestanddeler at det ikke er åpenbart hva som er overgrep og hvem som skal fordømmes. Fortellinga om Bon, som blir drept av halvbroren Henry rett før han skal gifte seg med halvsøster Judith er hjertet i en mangfoldig organisme av makt, slekt, ære, kjærlighet, hat, lengsel og ikke minst skjebne. Og som i livet ellers, der som her, da som nå: Det er ikke lett å avgjøre hva som er hva - det er kanskje heller ikke verken nødvendig eller ønskelig.

Hovedhandlinga foregår samtidig med den amerikanske borgerkrigen fra 1861 til 1865. Romanen kan også leses som ei allegoriske framstilling av sørstatenes sammenbrudd og nederlag. Thomas Sutpen kommer som en slags Isak Sellanrå og slår seg ned i villmarka, men ulik Isak begynner han ikke i det små; han reiser en herregård med en fransk arkitekt som rådgiver og ei stor gruppe negerslaver som arbeidskraft. Han er enehersker på godset og blir en maktfaktor i lokalsamfunnet, men han mangler klokskap og ydmykhet samtidig som han sitter fast i verdier verden omkring han er i ferd med å forlate.

De som Faulkner har gjort til fortellere, er perifere i handlinga. Svigerinna til Sutpen, som riktignok hadde et ublidt møte med han i ungdommen, og en etterkommer etter den eneste mannen som hadde et vennskaplig forhold til godseieren. Denne mannen, Quentin, blir utfordra til å bringe fortellinga videre fordi han har akademiske ambisjoner og skal forlate hjembyen, trulig for godt. En tredje person som trekkes inn som forteller, er romkameraten til Quentin ved universitetet - en slags representant for de seirende nordstatene. Disse to fabulerer om det som må ha, eller kan ha, hendt, med utgangspunkt i de ytre kjensgjerningene. På denne måten får Faulkner også sagt noe om fortellerens makt.

Det er ei kraftprøve å lese denne romanen. Det er nesten ikke til å forestille seg hva slags kraftprøve det må ha vært å skrive den. Jeg kjenner Faulkners biografi bare overflatisk, men er motivert for å finne ut mer om åsssen denne mannen så ut inni. Det må ha krevd sitt å oversette den også, så oversetter Ole Pramli har krav på all respekt. Dette er ikke en tekst der løsningene uten videre ligger åpne, men uten at jeg kjenner originalen, ser det ut til at han har truffet mål nærmest hele tida.

Jeg har lest hver eneste side. Jeg er i stand til å si noe fornuftig om handlinga. Jeg kan gjøre rede for min personlige leseprosess og prøve meg på noen forsiktige tolkninger. Men har jeg tilegna meg teksten? Er det mulig å gjøre dette fullt ut? Absalom, Absalom er ikke et verk en legger bak seg. En kan sjølsagt åpne boka flere ganger; lese på kryss og tvers, ta sekundærlitteratur til hjelp og bygge oppunder med Faulkners øvrige verker. Det hadde kanskje vært bryet verdt, å la bokhøst være bokhøst og holde seg unna litterære diskusjoner i medier og litteraturhus, for å bruke et år eller to på dette verket.