søndag 6. mars 2011

På livet laus. Klassekampen 5/3-11

Ein roman om to unge, lesbiske kvinner som lid av depresjonar og panikkangst: Sjølv eg, som er mann, ein generasjon eldre enn forfattaren og heilt utan kjennskap til miljø som dei ho skriv om, kan gå rett inn i denne verda og kjenne at ho vedkjem meg. Så god er ”Baby Jane” av Sofi Oksanen. Det er eit suverent driv over teksten. Språket er kroppsnært og direkte: Det med ”show”, ikkje ”tell” er noe Oksanen meistrar fullt ut.

Baby Jane sjølv er berre nemnd ein gong i romanen – det er rollefiguren til Bette Davis i ein Hollywoodfilm frå 1962 om galskap og rivalisering mellom to systrer. Galskap er ikkje eit gangbart omgrep i same grad i dag, men psykiske lidingar kan vi snakke om, og det gjør Oksanen. Og kjærleik, hat, lengt og sjalusi.

Den som fortel historia, er ei ung kvinne som kjem til hovudstaden og eit stormande kjærleiksforhold med Piki, som er godt kjent både med storbyliv og kjærleik mellom kvinner. Dei har begge så mye å slite med at det blir vanskeleg for dei å klare seg i det gjengse arbeidslivet, så dei realiserer ein forretningsidé som går ut på å selja brukte truser og andre klesplagg på postordre til menn med spesielle interesser. Samlivet går skeis og forteljaren finn seg ein mann. Etter ei tid finn dei tilbake til einannan, men forteljaren er så sjalu på ei av Pikis venninner at det går over styr for ho. Og det viser seg også at lidingane til Piki er for store til at ho klarer å handtere dei.

Eg las denne boka på svensk i begeistringsrusen etter å ha lese ”Utrenskning” – ei bombe av ein roman som Oksanen fekk Nordisk Råds litteraturpris for i fjor. Debutromanen hennes, ”Stalins kyr” har også vore å få på norsk noen år, men denne har ligge på vent sia 2005. Ho er ikkje så stort tenkt som ”Utrenskning”, men ho fyller formatet sitt like godt som mauren til Inger Hagerup og fortel at det er godt rom for dramatikk også innafor dei fire veggene i eit lite husvære i Helsingfors. Når forlaget først har fått kontrakt på å gi ut denne forfattaren på norsk, hadde det vore eit brotsverk å la boka ligga.

Og sjølv om det går på livet laus det meste av tida, er det også rom for komikk i romanen, først og fremst knytt til geskjeften dei to kvinnene driv. Men Oksanen er raus og legg ikkje opp til at lesaren skal le av kundane.

Eg er ikkje i tvil om at Morten Abildsnes har levert ein god norsk versjon av romanen til Sofi Oksanen. Men når eg han opp mot den svenske, ser eg at han nok kunne gjort noen djervare val for å gjøra teksten meir kompakt og sensuell. Eit døme ”Pling-pling-pling sa lysrørene etter hvert som de tentes i det ene rommet etter det andre og trakk menneskene med seg”. Svensk: ”Bling-bling-bling jagade lysrören varandra när de flammade upp i rom efter rom och drog människorna med sig.” På den eine sida er dette bagatellmessig; på den andre kan det hende det er verdslitteratur vi snakkar om. Og for den som ikkje les svensk, er dette ingen grunn til å halde seg vekk frå boka. Det kjem nok ikkje til å komma mange betre romanar på norsk i 2011.

3 kommentarer:

  1. Eg blei betatt av Oksanen, då eg las Utrensking i sommar, og har også Stalins kyr liggjande på vent. Og nå fekk eg lyst til å lese denne også. Takk for inspirerande omtale!

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren. Så fekk eg ein snarveg inn til ein hittil ukjent, spennande bokblogg.

    SvarSlett
  3. Takk for det! Eg snubla over bloggen din via ein annan blogg for litt sidan, og eg liker godt det eg les.

    SvarSlett